fredag 11. februar 2022

Albania

 

Kart frå CIA world factbook
Kjelde: Operation World

Folketal: 2,8 millionar.
Hovudstad: Tirana
Religion:  62,4% muslimar, 30,5% kristne (0,5% evangeliske)

På 70-talet var Albania maoistisk, og styrt av diktatoren Enver Hoxha. Han stengte landet for all annan ytre påverknad enn den som kom frå kommunist-Kina. Landet vart definert ateistisk, og all religionsutøving vart forbode. 

Då Hodxha døydde i 1985, og kommunismen fall i starten av 90-talet, vart det fort tydeleg at albanarane hungra og tørsta etter Gud. Her var det godt jordsmonn for kristen misjon. I dag er det 200 evangeliske kyrkjer med innfødde leiarar i landet . Desse står saman i eit nettverk med ein klår visjon for disippelskap og misjon. 

Men dei truande har ein lang veg fram, det er mange ting å be om og for når det gjeld dette landet.

Herre Jesus! 
  • Me ber om at dei truande i Albania skal halda seg nær til deg, og leva sunne og åndsfylte kristenliv.
  • Me ber om at kyrkja verkeleg skal lukkast i sin visjon om å disippelgjera heile nasjonen, og at nye albanarar på dagleg basis skal koma til tru på deg og innlemmast i kyrkjelyden.
  • Me ber om ein medviten satsing på leiarskapsutvikling i kyrkjelydane
  • Me ber om at det skal plantast kyrkjer i alle Albanias unådde landsbyar
  • Me ber om at det skal vera eit godt samarbeid mellom utanlandske misjonærar og nasjonale kristne leiarar
  • Me ber om at dei kristne i landet skal påverka albansk politikk på ein positiv måte
  • Me takkar for alle albanske kristne som er reist ut av landet som misjonærar, og me ber om at dei skal lukkast i arbeidet sitt der du har plassert dei. Amen! 



Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...