onsdag 16. februar 2022

Angola

 


Angola er eit enormt land på vestkysten av det sørlege Afriksa.
Folketal: 34 millionar.
Hovudstad: Luanda
Religion: Kristne 96%. Evangeliske 23%. Resten er romersk katolske. 
Unådde: 2%

Frå 1962 til 2002 herja det ein øydeleggjande borgarkrig i landet. Uskuldige sivile leid mest. Vegar, sjukehus, heimar og kyrkjer vart øydelagde. Landminer gjorde over 80000 menneske til krøplingar. Millionar flykta frå heimane sine. 70-90% av befolkninga lever i fattigdom. I hovudstaden aukar prisane og levekostnadane fort. Dei oljerelaterte næringane sørger for det. Dette står i stor kontrast til fattigdomen på landsbygda. Gapet mellom rike og fattige blir stadig djupare og breiare. Djupe psykologiske, sosiale og åndelege sår vil ta år å lækja. 

Landets første president var marxist. Han sa at han ville utrydda kristendomen på 20 år. Det motsette skjedde. Frå 1990 til 2010 auka talet på evangeliske kristne til det firedobbelte, og det stig stadig. Men det er ein enorm mangel på pastorar og folk som kan disippelgjera dei nye kristne. Det fører lett til synkretisme (religionsblanding) som det er mykje av. 

Det finst eit mylder av kyrkjelydar og kyrkjesamfunn, og det er eit definert behov for auka kristen einskap. 

Krigen har skapt mange internt fordrevne flyktningar. Dei lever i slumområda rundt dei store byane der det florerer med foreldrelause barn som ingen tek ansvar for. Dei lever i elendige kår på gata og er ualminneleg sårbare. Mange hamnar i kriminalitet og prostitusjon. Storfamilien ser seg ofte ikkje mon med å passa på sine, og skuldar dei difor gjerne med å driva med hekseri. Det fritek dei for ansvaret. I 2006 var dødsraten for unge under 25 år 45%. 

Kjelde: operationworld.org

Gode Gud! Me takkar deg for freden som no er i landet, og at mange flyktningar har fått flytta heim att. Takk for kyrkja som har vore ei drivkraft i forsoningsarbeidet. Me ber om at kristne må få mot og skaffa seg kompetanse til å byggja opp samfunnet, bidra til å hjelpa dei fattige ut av fattigdomen og vera med å lækja traumer. Takk for alle nye som kjem til tru på Jesus. Me ber om at du skal reisa opp ein hær av apostlar, profetar, evangelistar, hyrdar og lærarar som kan nå dei unådde med evangeliet, disippelgjera dei nye kristne og grunnfesta dei i Guds nåde, i Guds ord og i den lokale kyrkjelyden, og læra dei å leva misjonale liv. 
Me ber om auka einskap mellom kyrkjelydar og kyrkjesamfunn, og om ein sterk innbyrdes kjærleik i kyrkjelydane. 
Me ber også om at dei kristne må sjå sitt ansvar med tanke på å ta vare på foreldrelause barn. Me ber også om at du skal velsigna landet med ærlege, kompetente og ukorrupte leiarar som legg vekt på å etablera gode skular slik at barn kan få normal grunnopplæring. Amen!







Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...