onsdag 23. februar 2022

Australia

 



Australia er ikkje berre eit land, det er eit kontinent, ein verdsdel med ein heilt særeigen natur. Mange dyre og planteartar der er ikkje å finna andre stader. 

Det bur nesten 26 millionar menneske i Australia. Hovudstaden er Canberra. 69,5% er kristne. 14,4% er evangeliske. 4% av befolkninga blir rekna som unådde. 

Totalt er det 183 folkegrupper i landet, og desse snakkar til saman 207 språk. Hovudspråket er engelsk.

  • Be om at evangeliet om Guds rike må nå ut på ein truverdig måte til alle  i Australia. Be om at alle kristne må bli disippelgjort og få hjelp til å leva misjonale liv i nærmiljøa sine.  Be om at landet må bli gjennomsyrt av Guds ord, kristen tru og kristne verdiar. 

Landet, og for så vidt heile Oseania, har ein sårbar økologi. Overutnytting av naturressursar har ført til ørkenspreiing, tørke og enorme skogbrannar. 

  • Be om at kristne må stå fremst i kampen for å redda Guds gode skaparverk i Australia og Oseania. 

Australia er ein smeltedigel av ulike folkeslag og nasjonalitetar. Innvandringa har gjennom åra vore svært stor, og det er spenningar mellom folkegruppene.

  • Be om fred og venskap mellom folk frå dei ulike kulturane som lever i landet.
Australia er ein fredsgarantist for mange mindre nasjonar i Oseania som Timor, Bogainville og Salomonøyane. 

  • Takk Gud for den velsigning som Australia har vore for desse smånasjonane. 
Dei fleste kyrkjene i Australia er lite opptekne av verdsmisjonen. Men det finst nokre unnatak. 

  • Be om at alle kyrkjene i Australia lærer seg å forstå at  det å fullføra misjonsoppdraget er sjølve poenget med kristenlivet på jorda.
LHBTQ-teoriane er svært utbreidd i landet, og mange unge blir utsett for hedonistisk påverknad når det gjeld seksualitet og kjønn. 

  • Be om at alle LHBTQ-løgnene må bli avslørte og underkjente som alternativ levemåtar. Be om at dei unge må læra seg å elska Guds ord og Guds lover  vedrørande seksualliv og familieliv. 
Aboriginarane, Australia sin urbefolkning, er blitt utsett for enorme overgrep sidan dei kvite kom til landet. I dag er det starta ein forsoningsprosess, men mange av dei lever framleis elendige liv utan kontakt med sin eigen kultur og tradisjonelle levemåte. 

  • Be Gud om å famna dette folket på ein spesiell måte, gje dei Jesus som kan lækja såra deira og hjelpa dei å finna attende til sine eigne kulturelle røter. 
Landet har 40 universitet og mange studentar. IFES (Laget) har arbeid på alle campus. Men sekularismen er også komen langt mellom unge menneske i dette landet.

  • Be om at det skal bli vekt ein åndeleg hunger og tørst i studentane, at dei skal bli vunne for Kristus, tent i brann for han og bli sendt ut i misjon. 
Australske barn er, som andre barn i verda. utsett for påverknad frå mange retningar: Sekularisme, islam, buddhisme og mykje meir. 

  • Be om at barna i Australia skal møta Jesus som barnas aller beste ven, begynna å tru på han og leva som kristne. Be om at Gud skal læra dei å avvisa alle djevelens løgner. 
Hovudkjelde: operationworld.org


Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...