Informasjonskjelde: joshuaproject.org
Det er 4 460 000 uzbekarar nord i Afghanistan. 99,99% av dei er muslimar. 0,01% er kristne. Uzbekarane er eit tyrkisk folkeslag, og dei snakkar eit tyrkisk språk. Dei befolkar høgslettene nord i Afghanistan, dyrkar jorda og driv med husdyrhald. Dei er muslimar, men praktiserer ikkje religionen så strengt som t.d pasjtunane gjer. Uzbekarane står difor i opposisjon til pasjtunane, noko som er ei stor ulempe etter at Taliban tok over kontrollen i landet. Uzbekarane lever i fattigslege kår. Jordsmonnet er skrint, og kulde og tørke trugar avlingane.
Herre!
Sjå i nåde til uzbekarane i Afghanistan. Må den nye tida, nådens tid, også koma til dei. Må ditt ord bli forkynt for dei på deira eige språk. Opna dørar for di kyrkje inn til dei. Må Jesus stå fram for dei som verdas frelsar og alles Gud. Hjelp dei å forstå at islams lære er løgnaktig og kraftlaus. Lær dei å kalla på ditt namn, og oppleva at du på ein mektig måte svarar på bønene deira. Velsign uzbekarane i Afghanistan på alle livsområder. Gje nok reint vatn til planter, menneske og dyr, og gje området dei lever i høvelege mengder med sol og vind. Må alle barn få gå på skule og læra seg å lesa og skriva slik at dei kan skaffa seg kunnskap, bli sjølvstendige og klara seg i ei stadig meir kompleks verd. Amen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar