søndag 20. februar 2022

Armenia

 


Armenia ligg i Kaukasus, fjellandsskapet mellom Svartehavet og Kaspiahavet. Landet vert rekna som det første landet i verda som tok kristendomen som nasjonal religion. Det skjedde tidleg på 300-talet. Landet ligg no som ein kristen kile mellom tre muslimske statar: Iran, Aserbajdsjan og Tyrkia. Georgia i nord er også kristent. 

Frå 1915-1917 vart armenarane i Tyrkia utsette og folkemord frå den tyrkiske majoritetsbefolkninga. Det skjedde i skuggen av 1.verdskrigen. 1,5 armenarar vart drepne, Likeeins 700 000 kristne assyrarar. Mange tyrkiske armenarar flykta då til Armenia. Grensene mellom Armenia og Tyrkia er stengde, og landet ligg i kontinuerleg konflikt med Aserbajdsjan om enklaven Nagorno Karabach. Dei siste åra har det vore utkjempa to krigar. I fjor tapte Armenia deler av området til Aserbajdsjan ein blodig krig der Aserbajdsjan fekk god hjelp frå trente leigesoldatar frå IS-krigen i Syria.

Innbyggjartalet i Armenia er 2,9 millionar. Men det er 8 millionar armenarar som lever i andre land. I den siste tida har dei begynt å verdsetja sin kristne arv, og mange av dei responderer godt på evangelisk kristendom og etablerer eit personleg forhold til Jesus Kristus som frelsar og Herre. 

Hovudstaden er Jerevan. 

Den armensk ortodokse kyrkja er ein nøkkel til å nå armenarane med evangeliet. Denne treng leiarar som kjenner Jesus, menn som kan føra ei djup åndeleg fornying inn i kyrkja. Det trengst, for kyrkja har gjennom åra stivna i ritualisme. 

Kyrkja er delt i to, ein vestleg og ein austleg del. Denne splittinga er 1000 år gamal, og dei to fraksjonane tilber Gud på to ulike dialektar. 

"Det armenske kyrkje-elskande brorskapet" er ei evangelisk vekkingsrørsle innafor kyrkja. Dei driv med bibelstudier og arbeid mellom fattige og foreldralause barn. 

Herre Jesus! Me ber om fred mellom Armenia og dei omkringliggjande landa slik at dei kan driva normal interaksjon med kvarandre, til glede for alle. 
Me ber om vekking og nytt liv i heile den armensk ortodokse kyrkja.
Me ber om at denne vekkinga skal spreia seg til heile befolkninga
Me ber om at du skal halda di vernande hand over landet og folket slik at dei ikkje vert utsette for overgrep frå fiendemakter.
Me ber om at armenarane skal bli sett i brann for Jesus, og bli ein nasjon som eksporterer evangeliet til andre nasjonar. 
Me ber om ny einskap mellom den austlege og den vestlege kyrkjegreina. 
Me ber om at brorskapet skal få stor innflytelse på den armensk ortodokse kyrkja.



Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...