torsdag 24. februar 2022

Ukraina

 


Det har vore eit underleg døgn for alle europearar, fullt av vonde kjensler, sinne, fortviling og sorg. I firetida sist natt gjekk Russland, etter ordre frå president Valerij Putin, til fullskala krig mot Ukraina. Åtaka kom frå sør, aust og nord, dei kom frå fly, rakettar, tanks, skip og bakketroppar. Landet med vel 42 millionar menneske, det nest største i Europa når det gjeld flatemål, blir no utsett for ein regelrett valdtekt av eit naboland som har rusta opp for dette i årevis. Me lærte i si tid at det var ein ubegripeleg feig handling å ta dei som var mindre enn oss sjølve. Men den regelen ser det ikkje ut til at Russlands president har fått med seg. Gjennom åra han har ført krig både mot Tsjetsjenia og Georgia, statar langt mindre enn Russland, og no altså mot Ukraina. Mange ukrainarar er i kveld på flukt frå heimane sine og mot Vest-Europa.

Herre Jesus! Me ber om at du set ei fast grense for dei russiske styrkane som dei ikkje kan overskrida. Du er eit Gud som set grenser for havet, og du kan setja grenser for hærar. Me ber om at folk i faresonen skal koma seg unna, at liv skal bli spart. Me ber om at russiske rakettar skal bomma på måla sine. Me ber om at ukrainske soldatar skal få styrke til å slost tappert og godt for fedrelandet sitt. Me ber om at alle skal venda seg mot deg for å finna frelse ved trua på deg. 

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...