onsdag 9. februar 2022

Afghanistan

 


Afghanistan har i underkant av 40 millionar innbyggjarar. Det er mange folkegrupper i landet. Pasjtunarane er dominerande. Elles er det iranarar, turkmenarar, tadsjikarar, uzbekarar, hazarar, baluchar og fleire titals andre. Desse snakkar gjerne kvar sine språk. Totalt blir det snakka 41 språk. Offisielle språk er pasjtun og dari (persisk). 

Hovudstad: Kabul

Andre store byar: Kandahar og Mazar-e-Sharif

68% av befolkninga er analfabetar. 

99,9% av befolkninga er muslimar. 

Då Taliban overtok makta sommaren 2021, kom dette som eit sjokk på mange. 300000 afghanske soldatar flykta hals over hovudet for 40000 talibankrigarar, og dei som vart nedkjempa av internasjonale styrkar i 2001, kom tilbake til makta og gjeninnførte eit strengt islamistisk styre der dei demokratiske institusjonane vart oppløyste, kvinnene nekta å gå ut utan mannleg følgje. Dei vart også nekta å gå på jobb, å gå ut utan burka. Jenter kunne ikkje lenger gå på skule og for kristne vart det forbode å samlast til gudstenester og møter. Ja, det vart sett i gong reine klappjakta på dei få kristne som er i dette landet, og det blir meldt om at kristne menn er blitt avretta og kristne kvinner valdtekne og selde saman med barna sine som slavar.  Denne forfølginga pågår i skrivande stund. 

Vestlege land har frose mange milliardar dollar som tilhøyrer Afghanistan. Desse pengane brukar dei som ei brekkstong for å få Taliban å etterleva Menneskerettsfråsegna . Det har ført til fattigdom og svolt i landet. 

Afghanistan er frå kristen synsvinkel ein av dei nasjonane som i minst grad er nådd med evangeliet. Det er 48000 moskèar i landet, ikkje èi einaste kyrkje. Denne verdas fyrste eig dette landet. 

Herre Jesus! Sjå i nåde til Afghanistan. Må naudhjelp nå fram til vanlege folk slik at dei kan overleva vinteren. 

Me ber om at dei skal leva og få høyra om Jesus og koma til tru på han. 

Me ber om at det marerittet som Talibanstyret representerer må ta slutt. 

Me ber om at du skal verna dei kristne mot alle typar overgrep. 

Me ber om at befolkninga skal få tilgang til adekvat medisinsk hjelp (diare, kolera, dysenteri og lungebetennelse florerer i befolkninga og tek mange, mange liv) og til reint vatn. 

Me ber også om at mannlege legar må få ta hand om sjuke kvinner. 

Me ber også for dei ein million funksjonshemma i landet, at dei skal få omsorg og rehabilitering. 

Me ber om at opiumsproduksjonen skal måtta vika for dyrking av mat. 

Me ber om at alle barn skal få gå på skule og læra seg å lesa og skriva. 

Me ber om kyrkja di på ein eller annan måte må nå fram til dei unådde folkeslaga og enkeltmenneska i landet. 

Herre, opna du dører for evangeliet til denne for deg så kjære befollkninga. 

Me ber også om at afghanarar på flukt til andre land skal bli møtte med evangeliet og eventuelt bera det attende til heimlandet og til dei fortapte der. 

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...