Gode Far! Oslo har feira sodomien, og fremst i pridetoget gjekk våre høgaste tillitsvalde. Det er forførande dårskap. Me veit at det opprører deg. For all god gåve, og all fullkomen gåve kjem frå deg, og "det gode" som ikkje kjem frå deg, er ikkje godt, men vondt og av den vonde.
Sjå i nåde til oss i Jesu namn. Tilgje oss vår arrogante toskeskap. Tilgje oss at me feirar det som du fordømmer. Tilgje oss at me seier ja der du seier nei. Tilgje oss at me framstiller det vonde som godt og det gode som vondt, det skadelege som gagnleg og det gagnlege som skadeleg.
Me som kjenner deg veit at du er heilag, og at du ikkje let deg spotta. Me veit også at dommen alltid startar i ditt eige hus, i kyrkja, og me ber: Reis opp sanne hyrdar for kyrkja di, uredde leiarar som kjenner deg, elskar deg, ditt ord og det folket dei skal tena, leiarar som avslører og avviser djevelens bedrageri, som går på dine vegar, og som let seg leida av din Ande.
Må ordet ditt gå ut som eit tveegga sverd over landet vårt, bora seg djupt inn hjarto våre, skilja rett frå galt, godt frå vondt og driva oss og leiarane våre til omvending og tru.
Gode Gud! Reins nasjonen vår for urett og falsk stoltheit, for hor og utukt. Må alle som frekt hånar deg, slå blikket ned i skam, innrømma sitt opprør og søkja frelse og tilgjeving ved Kristi kross.
Me vil at Noreg skal bli eit kristent land, og at dei som bur her skal krona deg til konge i liva sine og ropa ut: "Jesus Kristus er Noregs evige konge. Han er vår frelsar og dommar. Hans lover er gode. Hans vegar vil me følgja."
Me ønskjer at lovsongen til Jesus skal fylla Oslos gater, og alle gater. At folk skal fornekta og forkasta djevelen, alle hans gjerningar og alt hans vesen, og hylla Jesus som Herre, og berre Han. Amen!








