Viser innlegg med etiketten Teheran. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Teheran. Vis alle innlegg

tirsdag 3. juni 2025

Fengsla pastor i Iran er blitt råka av hjerneslag

 


I 2017 vart pastor Nasser Navard Gol-Tapeh dømd til ti år i fengsel for sitt kristne engasjement. Sjølv om han vart benåda og sleppt fri i 2022, vart pastoren plutseleg arrestert på nytt den 6. februar i år. 

Etter denne siste arrestasjonen vart pastor Nasser halden utan tiltale og nekta juridisk representasjon. Som siste utveg starta han ein sveltestreik kort tid etter fengslinga. Dessverre vart han funnen medvitslaus i si einecelle den 17. mars. Pastor Nasser vart deretter frakta til sjukehus, der det vart fastslått at han hadde fått eit slag.

Den 63 år gamle konvertitten fekk grunnleggjande medisinsk behandling og fekk øvingar for å hjelpe til med å gjenvinne rørsle på venstre side av kroppen. Trass i legens tilrådingar om fysioterapi og vidare behandling, vart han deretter sendt tilbake til fengsel. Sjølv om pastor Nasser sidan har avslutta sveltestreiken, held han fram med å lide av manglande rørsle i venstre arm og bein.

I tillegg til arrestasjonen av pastor Nasser, vart pastor Joseph Shahbazian og to kristne kvinner også tekne i varetekt den 6. februar. Det vert no uttrykt bekymring for lagnaden til dei to kvinnene, der den eine er sidan blitt identifisert som "Aida." Ho vert truleg halden i kvinneavdelinga i det berykta Evin-fengselet i Teheran. 

Gode, allmektige Gud! Me ber i Jesu namn for pastor Nasser at han skal få lækjedom for skadane hjeneslaget har påført han, og at han skal få den medisinske behandlinga han treng for å koma seg gjennom dette meiningslause fengselsopphaldet. Ver også med Joseph Shabazian og dei to kvinnene som er nemnde her. Hald dei oppe i trua og gjer dei sterke ved nåden i Jesus Kristus. Må dei styrkast med Den Heilage Andens kraft og nåde. Må ditt nærvær stå klårt for dei, slik at dei ikkje kjenner seg rikeleg trøysta og aldri åleine. Og så ber me i Jesu namn om at dei skal bli sette fri, og at den dagen skal framskundast. Amen! 


torsdag 29. mai 2025

Iran. Lida Alexani isolert i einecelle

 


Lida Alexani, kona til Joseph Shahbasian som me nyleg bad for, er no isolert i einecelle i det berykta Evinfengslet i Teheran. Det er ein form for psykologisk tortur. 

Takk, Herre Jesus fordi du er saman med henne i denne vesle, stusselege cella. I dag ber me om at du skal beskytta henne mot alle former for seksuelle overgrep som er så vanlege i dette fengselet. Takk for dine englar som blir sendt ut for å tena dei heilage i deira naud, og me ber om at Lida skal merka at det er slik. Amen!

tirsdag 14. juli 2020

Iran



Folketal: 84 923 314 (juli 2020) fordelt på 100 folkegrupper. Hovudstad er Teheran, og elles ser du på kartet over namnet på mange andre store byar i landet. Mange av dei er millionbyar. 

Det er naturlegvis flest persarar i Iran (62%). Men det er også andre store grupper som aserbadsjanarar (22%), tyrkarar, balutsjar, arabarar og sigøynarar.





Offisielt språk er farsi. Totalt blir det snakka 79 språk. Heile Bibelen er omsett til 4, 6 språk har NT medan 7 har deler av Bibelen. Dette er tal frå 2010.

Iran er eit religiøst diktatur styrt av ayatollah Ali Khamenei og eit presteråd.
Dei vert verna av den berykta Revolusjonsgarden som har 350 000 topptrente soldatar under våpen og tilgang til uavgrensa ressursar.

Landet har ein president og eit parlament som ikkje har noko reell makt.

Før 1979 var landet styrt av ein konge, og samfunnet var ganske liberalt. Men den islamske revolusjon i 1979 endra dette radikalt. Då kom ayatollah Khomeini til makta, og etter den tid har Iran vore eit terrorvelde som undertrykkjer si eiga befolkning med alle kjende midlar, og som spreier og finansierer terror over heile Midt-Austen. Dei står bak Hizbollah i Libanon, Hamas i Gaza, Hutumilitsen i Jemen, Islamsk jihad, PKK (det kurdiske kommunistiske parti), det iraksike Da`wah-partiet, den islamske frigjeringshæren i Bahrain, den japanske raude arme og mange andre grupper. Enorme summar går med til iransk terror i utlandet.

Iran hatar Israel, og har sett seg som mål å utsletta den jødiske staten. For å få dette til jobbar dei febrilsk for å skaffa seg atomvåpen, og har i dag utstyr som skulle gjera dei i stand til å klara det.
Iran er pga atomprogrammet sitt underlagt strenge økonomiske restriksjonar frå verdssamfunnet si side. Det hemma den økonomiske utviklinga i landet.

Iran er i hovudsak shiamuslimsk (89%), men arabarane, tyrkarane, nokre aserbadsjanarar og balutsjarane er sunnimuslimar. Det finst små grupper armenske og assyriske kristne i landet. Dei har lov å driva på med sitt, berre dei ikkje evangeliserer. Det er forbode å forretta gudsteneste på farsi.

I det offentlege rom må alle iranarar følgja strenge religiøse reglar. Men på heimebane er dei liberale, og stort sett er dei lut lei islam. Dei føler seg rundlurt av presteskapet som lova gull og grøne skogar før revolusjonen i 1979. Ingenting har dei halde, og fattigdomen spreier seg. Det har ført til massive protestar som er blitt slått ned med våpen av styresmaktene. I sist runde (etter nedskytinga av eit ukrainsk passasjerfly) vart 1500 protestantar skotne og drepne av Revolusjonsgarden sine folk.

Dei siste 30 åra har det vakse fram ei protestantisk undergrunnskyrkje i Iran, og evangeliet om Jesus spreier seg frå kvinne til kvinne og mann til mann med ei stadig aukande kraft. I dag kan det vera så mange som 3 millionar protestantiske kristne i landet. Presteskapet er kjempebekymra, og forfølgjer dei kristne med aukande intensitet. Det er forbode for ein muslim i Iran å konvertera til ei anna tru. Det er apostasi, og skal i prinsippet straffast med døden, men det skjer sjeldan. Aktive konvertittar blir det som regel idømt lange fengselsstraffer.

Etter 1979 har millionvis av iranarar flykta til andre land. Mange av desse er blitt kristne.
Likevel er dødsstraff flittig brukt i Iran mot politiske fangar under påskot av at dei har drive med narkotika. Men bruk av narkotika er vanleg også blant presteskapet. Knapt noko land i verda har større rusproblem enn Iran.

Iran er ille plaga av koronaviruset, og styresmaktene har mista all kontroll. 12829  iranarar har døydd av denne sjukdomen dei siste vekene. Men me må rekna med at mørketala er store her. Truleg er det langt fleire. 

Iran er eit uvanleg vakkert land med eit høgreist folk og ein rik historie som går mange tusen år attende i tid. Mange ting kunne vore skrive om kulturskattar, mattradisjonar og folket sin enorme interesse for poesi osv. Men det er ikkje plass til det her.

  • ·       Det er grunn til å takka Gud for den kristne vekkinga som i dag spreier seg i Iran som eld i tørt gras.
  • ·       Be om at det som skjer berre skal auka i kraft
  • ·       Be om at dei kristne skal ha tilgang til nok biblar og annan kristen litteratur.
  • ·       Be om at dei kristne skal bli verna mot vrang lære. Det er mange unitare kyrkjer i Iran som fornektar Jesu guddom.
  • ·       Be om at Bibelen skal bli ei populær bok i Iran som alle får lyst til å lesa.
  • ·       Be om at Bibelen skal finna sin veg inn i dette landet.
  • ·       Be om at Gud skal verna dei kristne mot  overgrep, og gje dei visdom i møte med styresmakter som berre vil dei vondt.
  • ·       Be om at Gud skal styrkja alle kristne som i dag sit i fengsel, og særleg dei som blir utsette for tortur.
  • ·       Be om at evangeliet må få så stor makt i landet at det blir totalt forvandla frå innsida, og at det muslimske presteskapet også skal bli rivne med av Jesusvekkinga.
  • ·       Be om at evangeliet også skal nå fram til dei mange unådde folkeslaga i landet som gilaki i nord og balutsjarane i sør-aust.
  • ·       Be om at Jesus skal løysa alle med rusproblem som ber han om hjelp.
  • ·       Be om at prestestyret skal falla, og at Revolusjonsgarden skal løysast opp
  • ·       Be om at iranarane skal forstå at jødane er Guds utvalde folk, og at dei blir velsigna om dei velsignar Israel.
  • ·       Be om at iranarane i diaspora (landflyktighet) skal få møte Jesus, ta imot hans som Herre og frelsar i sine liv og få hjarto sine forvandla av evangeliet og Den Heilage Andens kraft.


fredag 10. juli 2020

Iran: 12 kristne arresterte i ein koordinert politiaksjon

30. juni og 1. juli vart 12 kristne arresterte i ein koordinert politiaksjon i byane Teheran og Malayar. Politiet braste inn i eit husmøte i Teheran der det var samla 30 kristne. Fleire av dei vart arresterte. Etter arrestasjonen tok politiet, eller rettare sagt representantar for den berykta revolusjonsgarden, dei med seg til dei respektive buplassane. Nokre av dei var heimehøyrande i provinsen Karaj. Der vart heimane deira gjennopmsøkte for å finna kristen litteratur og studiemateriell. I dag sit ni av dei arresterte framleis i varetekt på ukjent stad.

Parallelt med hendingane i Teheran vart tre kristne arresterte i Malayar, ein by litt lenger vest.

Det syner seg at politiet har hatt ein infiltratør i dette miljøet som har informert om aktivitetane deira.

Kjelde: www.persecution.net

Be om at Gud skal styrkja dei arresterte og halda trua og motet oppe hos dei. 
Be om at dei snarleg skal bli sett fri. 

mandag 12. august 2013

Mostafa Bordbar dømt til 10 års fengsel for og å ha truga Irans tryggleik

Domen fall i slutten av juni i ein revolusjonsdomstol i Teheran. Ut frå dokumenta er Mostafa Bodbar dømt for å ha støtta sionismen (alle evangeliske kristne blir rekna som vener av Israel), for å ha late seg døypa og dermed konvertert frå islam til kristen tru, distribuert kristen litteratur (12000 evangelieskrifter), for å ha omsett og dubba fem filmar med kristent innhald, for medlemskap i ei huskyrkje, for å ha halde kristne møter i fleire byar, sendt kristne bøker til ein ven, hatt kontakt med kristne i Tyrkia og Armenia, for å ha lagra 6000 kristne bøker og anna evangeliseringsmateriell i sitt eige hus og for å ha feira jul saman med vener. Alt dette vert vurdert som ein nasjonal tryggleiksrisiko av iranske styresmakter. 

"Herre Jesus! Gje Mostafa Bordbar alt han treng av styrke, trøyst og vern. Hjelp han å ha blikket festa på deg slik at han ikkje misser motet når han tenkjer på den lange domen og møter alskens problem, men blir ståande fast i trua. Fyll hjarta hans med glede og fred, og lat han få ord frå deg under forhøyr slik at han kan vitna om di frelse for domarar og andre autoritetar. Må fengslet han sit i bli fylt av ditt lys, og fangar av alle kategoriar koma til tru på deg. Hjelp dei kristne i Evinfengslet til å finna måtar å halda kontakt med kvarandre på, og når din time er inne, må du opna dørane for dei slik at Mostafa Bordbar og alle dei andre kan gå ut i fridom."

Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...