Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Me ber i dag om fred for Jerusalem. Me ber om at Noreg skal bli eit land som velsignar Israel og det jødiske folk. Me ber om leiarar i Noreg som elskar dette landet, og som støttar jødane i kampen for å overleva. Me ber om at all antisemittisme skal reinsast ut av norske folks hjarter.
Herre, velsign og bevar Israel, lat ditt andlet lysa over landet og folket og ver dei nådig, løft ditt åsyn på dei og gje dei fred. Amen!
I dag ber me for Israel.
Israel har eit areal på vel 20 000km2 (som Hedmark fylke) og eit folketal på 8 millionar.
Då landet vart grunnlagt som eit heimland for jødar i 1948, meinte mange at gamle profetiar i Bibelen vart oppfylte. Det er også mi tru og meining.
Hovudstad er Jerusalem, byen som alles auge er retta mot, Davids by, Jesu eigen by, steinen som heile verda prøver å løfta på, ein by som ligg Gud på hjarta, byen som Jesus Kristus ein dag vil koma attende til. Etter 6-dagarskrigen i 1967 er gamlebyen annektert av Israel, noko som gjer byen til eit strides eple i verdspolitikken.
Det er 12000 messianske jødar i Israel. Kyrkja veks år for år, men det gjer også forfølginga av dei kristne.
75,5% av befolkninga er jødar. 20,4% er arabarar. Desse har fulle statsborgarlege rettar, men ikkje verneplikt.
Det er enno høg immigrasjonsrate til Israel. Jødar under press frå heile verda kjem attende til fedrane sitt land.
Israel er ein høgteknologisk nasjon som er langt framme når det gjeld forskning og utvikling innan industri (forsvar), jordbruk og medisin.
Israel har måtta forsvara seg mot arabiske åtak i 1948, 1956, 1967, 1973 og 1982. I dag er landet truga av palestinsk Hamas i sør, iranstøtta Hizbollah i nord og spenninga på grensa mot Syria aukar pga borgarkrigen der. Regulæra iranske styrkar opererer i dette grenseområdet. Enorm eldkraft kan når som helst utløysast mot Israel.
Takk for at evangeliet om Jeshua Messias har slått røter i Israel, og for alle dei åndsfylte messianske kyrkjelydane i landet.
Be om at dei skal bli bevarte i trua, bli leida av Anden og alltid har reine samvit.
Be om at heile Israel og det jødiske folket skal anerkjenna Jeshua (Jesus) som sin einaste rette konge og frelsar.
Be om at landet og folket skal bli verna mot åtak og terrorhandlingar, og elles bli godt i varetekne.
Be om at palestinarane både i Gaza og i Judea og Samaria skal bli kjende med Fredsfyrsten, og at israelarane og palestinarane kan samlast som eitt folk under èin hyrding.