torsdag 19. juni 2025

Dagens norske kommune: Gulen i Vestland

 



Folketal. 2234
Kommunesenter: Eivindvik
Næringsliv: Jordbruk og fiske
Kyrkje og kristenliv: DNK har èi kyrkje, og indremisjonen har eit bedehus på Indrevær. 

Gulen har to krossar i sitt våpenskjold. Det fordi det er funne fleire steinkrossar frå førkristen tid i kommunen. Gulen var ein tingplass i middelalderen, og enno blir lagmannsretten i Bergen kalla Gulating. Gulatingslova frå vikingtida er den beste kjelda til kunnskap om kristenretten som vart vedteken på Moster i 1024. Det er gamle og djupe kristne røter i Gulen, men kristenlivet i kommunen i vår tid er etter mi erfaring magert. 

Takk Gud for alle dine sanne barn i Gulen. Må dei stå deg nært. Forny dei ved ditt ord og din Ande. Fyll dei med kraft og nåde. Grunnfesta dei i ditt ord. Gjer dei sterke og ekspanderande i striden for evangeliet og det gode. Hjelp dei truande å stå saman i lovsong, bøn, diakoni og evangelisering, og må ditt kall til omvending og tru nå ut til alle innbyggjarane i kommunen. Aus Anden din ut over Gulen slik at dei som bur der kan koma til levande tru på Jesus. Hald di vernande hand over familiane slik at dei held saman i gode og vonde dagar, og fyll heimane med lys, glede og varme. Må alle barn og unge i Gulen ha ein trygg og god oppvekst. Velsign den politiske og administrative leiinga, skulane og helseinstitusjonane, politiet og dei andre offentlege etatane, samt alt godt og sunt næringsliv, og me ber om ein høg fagleg og etisk standard på dei lokale mediebedriftane.  Må alle vaksne i kommunen leva edruelege liv, og vera gode føredøme for barn og unge. Må det gå Gulen vel, det ber me om i Jesu namn. Amen!



















Ingen kommentarer:

Allmektige, gode Gud! Sjå i nåde til alle i det jødiske samfunnet i Australia som i dag vart utsette for terror under feiring av Hanukkah. T...