tirsdag 3. juni 2025

Masfjorden i Vestland


Kart: SNL

Folketal: 1694

Kommunesenter: Masfjordnes

Næringsliv: Bygg og anlegg. Vassforsyning. Kraftproduksjon. Reiseliv. Jordbruk (storfe). 

Kyrkje og kristenliv: DNK har tre kyrkjer, ei fjellkyrkje og eitt anna forsamlingslokale (Granneheimen bedehus). Når det gjeld bedehus er det eitt i Masfjordnes (Betel), eitt i Hatlevik og eitt på Haugsvær. 

Gode Gud! Må alle som bur i Masfjorden få eit livsforvandlande møte med Jesus. Styrk og forny dei kristne, og hjelp dei å halda saman og leva som Jesu sanne læresveinar. Hald di hand over barn og unge og verna dei mot alt som kan bli dei til skade. Må dei få veksa opp i trygge, varme og rusfrie heimar. Velsign kommunen med godt leiarskap, og næringslivet med gode resultat. Amen! 



Ingen kommentarer:

Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...