Fedje kommune ligg med sine 519 innbyggjarar heilt ute mot storhavet, med Nordsjøen som næraste nabo. Det er ein værhard plass på jorda.
Arbeidsstyrken er i stor grad knytt opp til Fedje trafikksentral som dirigerer store skip inn til og ut frå Mongstad. Nokre er engasjert i reiselivsnæringa.
Fedje kommune reklamerer for andaktar på sjukeheimen på heimesida si, og det seier litt om ein sterk kristen tradisjon der. Kanskje ikkje så rart med tanke på at Fedjebuen i hundrevis av år har vore avhengig av eit lunefullt hav, og at dei støtt og stadig har vore på kne for å be om at mannfolka deira skulle koma trygt heim frå fiske.
Kyrkje og kristenlivet er sentrert om kyrkja og bedehuset.
Gode Gud! Velsign Fedje og alle som bur der. Må ditt rike gå fram der, viljen din råda i folks liv, kyrkja blomstra og alle finna kvile for sine sjeler i deg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar