Viser innlegg med etiketten dalitar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten dalitar. Vis alle innlegg

fredag 20. juni 2025

India. Dag 1

 

Kart og kjelde: operationworld.org

Folketal: 1,463,865,525
Hovudstad: Dehli
Største religion Hindu (74,3%)
Prosent evangeliske 2,2%

India er verdas mest folkerike land.
Ingen av verdas nasjonar har så mange unådde folkegrupper som India.
Dei neste dagane vil me be for dei som bur der.
Kastesystemet er framleis eit stort problem. Dei kastelause utgjer til saman 25% av folketalet. Dei andre har undertrykt desse gruppene i tusenvis av år, og brukt kastesystemet (og hinduismen) for å rettferdiggjere sine skadelege handlingar. FN, den indiske regjeringa, og internasjonale NGO-ar har alle teke grep for å handtere situasjonen. Kyrkjer arbeider òg for å etablere menneskerettar, utdanning, helse og sysselsetjing, og  for å bringa Guds kjærleik og frelse til dalitane. Kyrkja har ein moglegheit til å vise at Kristi kjærleik gjeld for alle menneske, uavhengig av kaste, rase, språk, kjønn og økonomisk status.

Be om at kristne fjernar all kastediskriminering frå kyrkjene sine. 
Be for Dalit Freedom Network som utdannar kristne i spørsmål knytt til dalit-rettar og fridomar. Be om at dei skal lukkast. 
Be for kyrkja i India at ho skal vera vital og misjonal.
Be om at demokratiet i India skal fungera, og at folk sine menneskerettar skal bli respekterte.
Be om at Guds rike skal gå fram med stor kraft midt i aukande forfølging av kristne

torsdag 1. september 2022

Seks kristne dalitkvinner arresterte i den indiske delstaten Uttar Pradesh

 


Dette melder nettstaden AsiaNews den 8. august 2022

Seks kristne kvinner er arresterte i den indiske delstaten Uttar Pradesh for å ha forsøkt å tvangskonvertera hinduar til kristendomen. Det som skjedde var dette: I  fødselsdagsselskapet til sonen til Indra Kala (ei av kvinnene), var både kristne og hinduar inviterte. Då fødselsdagskaka skulle skjærast, løfta Indra Kala,  Subhagi Devi, Sadhana, Samata, Anita og  Sunita, som dei fem heiter, hendene sine mot himmelen og bad ei takkebøn til Jesus. Det var det som skulle til. Naboar som var vitne til kva som hende melde kvinnene til politiet, som straks tok saka. Huset var undersøkt, og politiet klarte å finna nokre kristne traktatar i som dei konfiskerte som «bevismateriale», sjølv om det ikkje på nokon måte er forbode å ha kristen litteratur i eit hus i India.  I denne staten, styrt av hindunasjonalistar, blir alle former for evangelisering kalla tvangskonvertering. Slik kan dei køyra rettsprosessar mot alle kristne som nemner Jesu namn. Ei av kvinnene er funksjonshemma, ei er enke med eineansvar for tre barn, melder AsiaNews. Det høyrer med til denne saka at dei fem kvinnene er dalitar, dvs kastelause menneske som står nedst på rangstigen. Dalitane er lette offer for dei som vil kristendomen til livs.

Herre! Me ber i dag i ditt namn for desse seks kvinnene at dei straks skal bli sette fri frå fangenskap, og at saka mot dei skal leggjast bort. Amen!

 

 

onsdag 29. juni 2016

Andra Pradesh, India

Andra Pradesh ligg sør-aust i India. Det er ein stor delstat med eit flatemål på 277000 km2 og eit folketal på 88 millionar. Hovudstaden er Hyderabad med 4 mill innbyggjarar. 88,5% snakkar telugu, 8,2% urdu (muslimane). Berre 0,1% hindi. (I den seinare tida er staten delt i to med Telangana i nord, men Hyderabad er hovudstad i begge statar)
89% er hinduar, 9,2% muslimar og 1,6% (offisielt, men det reelle talet er nok langt høgare, kanskje 9%) kristne. Grunnen til dei usikre tala vedrørande kristne, er at dei som blir evangelisert stort sett er dalitar (kastelause). Desse er etter indisk tradisjon "undermennesker" som ikkje blir telt. Dalitane blir grovt trakka på, og når dei blir kristne, er det ikkje uvanleg at hinduar skremmer dei attende til hinduismen. Då forstår me at det er vanskeleg å finna pålitelege tal her.

Hyderabad er ein moderne by som veks fort, og han er ein nøkkelby for kristen misjon i India. Nærare 200 kristne organisasjonar har base her. Men også deccamuslimane i sør- India har hovudsete sitt her. 40% av byen er islamsk. Dei mange kristne i byen gjer svært lite for å nå muslimane med evangeliet om Jesus.

  • Be om at dei kastelause som kjem til tru på Jesus må bli rotfesta og stabilisert i trua.
  • Be om at dei skal bli alfabetisert slik at dei kan lesa Bibelen sjølve, og leggja eit fundament for å skaffa seg ny kunnskap og utdanning.
  • Be om skular for dei barna deira. 
  • Be om at Jesus må bli kjent, trudd og elska mellom hinduane, og at det falske kastesystemet skal smuldra bort
  • Be om at dei mange innvandrarane og pilgrimaen som kjem til Hyderabad må bli møtt med evangeliet om Jesus Kristus
  • Be om at Gud skal utrusta og senda kristne til den store muslimske befolkninga i byen, og at muslimane skal bli vunne gjennom eit møte med Jesu allmakt. 
Hindutemper i Andra Pradesh




Dagens norske kommune: Nesseby i Finnmark

  Kart: snl.no Folketal: 870. Søkkande.  Kommunesenter: Varangarbotn Næringsliv: Reindrift, jordbruk og fiske Kyrkje og kristenliv: DNK er o...