Ein domstol i den russisk-okkuperte byen Donetsk bøtela den 23.mai pastor Vladimir Rudomyotkin tilsvarande fleire dagers løn for å ha arrangert eit møte for Rådet for Baptistkyrkjer utan å søkja om lov fra styresmaktene.
To dager tidligare straffet ein annen domstol i Donetsk St. Josephs romersk-katolske kyrkje for ikkje å ha gjeve opp sitt fulle offisielle namn når dei søkte om å driva kristen misjon.
Ein domstol i Enerhodar bøtela ein person med ein sum tilsvarande løn i 3 veker for å ha organisert eit fellesskap "kor såkalla religiøse tenester blei haldne på søndager".
Kjelde: Forum 18
Gode Jesus! Takk for din uendelege omsorg og truskap mot dine barn. Takk for at du er med dei truande i Aust-Ukraina i alle dei forfølgingane og prøvingane som kjem over dei. Hjelp dei å stå fast i deg, og fryda seg i deg trass i alt dei vert utsette for, og gjer dei sterke i deg. Amen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar