onsdag 18. juni 2025

Ei bøn inspirert av Salme 135

 Eg lovar deg, Herre, fordi du er god, og alltid gjer det som godt er.

Du valde ut Israel til å vera din eigedom, 

og alle kristne til å vera dine barn og arvingar. 

Du er stor, større enn alle gudar, og du gjer akkurat det du vil. 

Du gav Kanaans land som eigedom for Israels folk. Der skulle dei bu og trivast. 

Du styrer vær og vind, fell dommar, 

og gjer teikn og under for å demonstrera di makt for alle "faraoane" i verda 

som plagar folket ditt og set grenser for tenarane dine. 

HERREN er ditt namn til evig tid. 

HERREN skal du kallast frå slekt til slekt. 

For du skaffar folket ditt rett, og du syner  tenarane dine medkjensle. 

Me lovar og ærar deg denne dagen. 

For det som var sant i går, er sant i dag, 

og du vaker over ordet ditt for å fullbyrda det. 

Ingen kommentarer:

Allmektige, gode Gud! Sjå i nåde til alle i det jødiske samfunnet i Australia som i dag vart utsette for terror under feiring av Hanukkah. T...