Folketal: 1,463,865,525
Hovudstad: Dehli
Største religion Hindu (74,3%)
Prosent evangeliske 2,2%
India er verdas mest folkerike
land.
Ingen av verdas nasjonar har så mange unådde folkegrupper som India.
Dei neste dagane vil me be for dei som bur der.
Kastesystemet er framleis eit stort problem. Dei kastelause utgjer til saman
25% av folketalet. Dei andre har undertrykt desse gruppene i tusenvis av år, og
brukt kastesystemet (og hinduismen) for å rettferdiggjere sine skadelege
handlingar. FN, den indiske regjeringa, og internasjonale NGO-ar har alle teke
grep for å handtere situasjonen. Kyrkjer arbeider òg for å etablere
menneskerettar, utdanning, helse og sysselsetjing, og for å bringa Guds kjærleik og frelse til dalitane.
Kyrkja har ein moglegheit til å vise at Kristi kjærleik gjeld for alle
menneske, uavhengig av kaste, rase, språk, kjønn og økonomisk status.
Be om at kristne fjernar all
kastediskriminering frå kyrkjene sine.
Be for Dalit Freedom Network som utdannar kristne i spørsmål knytt til dalit-rettar og fridomar. Be om at dei skal lukkast.
Be for kyrkja i India at ho skal vera vital og misjonal.
Be om at demokratiet i India skal fungera, og at folk sine menneskerettar skal bli respekterte.
Be om at Guds rike skal gå fram med stor kraft midt i aukande forfølging av kristne

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar