Viser innlegg med etiketten Jharkhand. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Jharkhand. Vis alle innlegg

fredag 10. juli 2020

India: Kristen mann slått i hel for trua si


Kande Mudu - Photo: Christian Solidarity Worldwide www.csw.org.uk
Kande Modu,
Foto: Christian Solitary Worldwide
Kande Modu (27) frå  den vesle byen Bari i den indiske delstaten Jharkhand, vart kristen saman med kona og svigermora si for fire år sidan.  Den 7. juni vart han brutalt drepen. I lang tid hadde nokre menn krevd av han at han fornekta trua si. Men det var uaktuelt for han. Den 7.juni kom dei på døra til han og gav ordre om at han måtte koma ut. Han ana uråd, og sa til kona si Bindu at ho skulle vera sterk og aldri fornekta Jesus, så sende han henne av garde til ein familie mange kilometer unna der ho kunne vera trygg. 

Kandys kropp vart funnen i ei veggrøft av bror hans same kvelden. Han var så ille tilredt at det var vanskeleg å kjenna han att. Mordet var svært brutalt. Det høyrer med til denne historia at svigermora i 2018 vart gjengvaldteken fordi ho hadde konvertert til den kristne trua. 

I gravferda til Kande Modu ber far til Bindu henne om å gå attende til hinduismen for å sleppa å blir utsett for overgrep. Men Bindu svara faren sin slik: "Eg vil leva og døy for Jesus, men eg vil aldri gå bort frå han."

Kjelde: www.persecution.net
  • Be for Bindu og mor hennar at dei skal få trøyst i sorga etter Kande. 
  • Be om at dei må få styrke til å stå fast i trua på Jesus
  • Be om at mordarane må bli etterforska, stilt for retten og dømde.

tirsdag 30. juli 2019

Indiske kristne blir tvinga til å rekonvertera

Reconversion ceremony - Photo: Morning Star News www.morningstarnews.org
Bilde frå rekonverteringsseremonien. Morning Stars News
Den 14.juni vart 12 kristne familiar i byen Mahuatoli i delstaten Jharkhand tvinga gjennom eit rituale som skulle få dei attende til stammereligionen Sama.

Den siste tida har radikale hinduar samarbeida med indisk urbefolkning om å utsletta kristendomen frå delstaten.

Familiane prøvde å melda saka til politiet, men dei ville ikkje registrera henne.

Alle familiane har no flykta frå byen, men to blir halde attende med makt.

Far i himmelen! Du seier om deg sjølv at du er ein Gud som gjev framtid og von til alle som søkjer deg av eit heilt hjarta. Me ber om framtid og von for dei kristne familiane frå Mahuatoli som no er på flukt. Dei har berre deg, Gud. Ingen andre vil koma dei til hjelp. Opna dørar for dei, og pakk dei godt inn i di miskunn. Amen!

Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...