Kjelde: www.joshuaproject.net
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Viser innlegg med etiketten Gangessletta. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Gangessletta. Vis alle innlegg
fredag 20. mars 2020
Bharfolket i India
Kjelde: www.joshuaproject.net
tirsdag 17. mars 2020
Mallahfolket i India
Storleik: 3,2
millionar. Språk Hindi. Religion: Hinduisme.
Mallah er
heimehøyrane på den store Gangessletta, i dei minst nådde områda i India. Her
er det åndeleg sett bekmørkt. Dei er eit båtfolk som fraktar pilgrimar opp og
ned Gangesfloden og opp og ned alle sideelvane, og er stolte over å vera i posisjon
til å ha denne tenesta. Dei er ein fattig gjeng, av låg kaste og i stor grad
analfabetar. Mallah gifter seg utelukkande innafor sin eigen kaste.
Kjære Herre Jesus! Mallahfolket er til dei grader i ditt
hjarta og din tanke, og me ber i ditt namn om at det skal rettast ein
misjonsoffensiv mot dette folket no, det MÅ jo snart vera deira tur å kunna
motta frelse. Må ordet ditt nå fram til dei og det sterke og gode lyset ditt
fløyma over dei og skapa liv, fridom og evig glede i desse fattige menneska. Me
ber også om at det skal etablerast skular mellom dei slik at barna kan læra seg
å lesa og skriva og få den kunnskapen som kan løfta folket sosialt og
kulturelt. Herre, miskunna deg over mallahfolket i ditt eige namn! Amen!

fredag 21. juni 2019
India 2. Bihar
Bihar ligg på Gangessletta og har over 100 millionar menneske fordelt på 377 ulike folkegrupper som snakkar 21 ulike språk. Dei fleste er bønder (leilendingar). Hovudstaden er Patna med sine 2,3 mill innbyggjarar. 83,2% er hinduar, 16% muslimar, 0,1 % kristne. Bihar er Indias fattigaste delstat, og namnet står som eit symbol for elendigheit. Bihar har ei fortid å vera stolt av, men staten blir i dag leia av inkompetente menneske som ikkje har anna horisont enn å slost for seg sjølv og sine næraste. Resultatet er ekstrem korrupsjon, djupe spenningar og indre strid i befolkninga.
Bihar er herostratisk kjent for å vera ein "gravplass for misjonstiltak". Det åndelege trykker er enormt, fattigdomen ekstrem, analfabetsimen utbreidd, tilgang på skriftlege ressursar mangelfull. Det er sterk motstand frå hinduar som ikkje ønskjer kyrkja velkomen, og forfølgingar bryt lett ut. Stemningen er lite gjestfri, og malaria er eit konstant trugsmål mot misjonærane sine liv.
Det er idag inga kristen stemme i det offentlege livet i Bihar.
Likevel er det 4000 indiske misjonærar som jobbar her i det stille, ein innsats som no begynner å kasta av seg i form av nye kristne.
Det er lite samarbeid mellom ulike kristne arbeidslag og kyrkjer. Her er det mykje å henta.
- Be om at Gud skal møta innbyggjarane i denne staten med ein enorm kjærleik som han overraskande berre auser ut over dei.
- Be om at dei få nye som no kjem til tru blir grunnfesta kristne som står støtt i stormane og som ber frukt for Kristus.
- Be om auka samarbeid og einskap mellom kyrkjer og misjonar.
- Be om at kyrkja skal utrustast og istandsetjast til å møte dei enorme menneskelege behova som er i denne delstaten.
- Be om at Gud skal velsigna Bihar med leiarar av eit langt høgare format enn dei me ser i dag.
torsdag 8. juni 2017
Dagens unådde: Gujjar i Pakistan
Gujjarfolket tel over 3 millionar menneske, og har ein over tusen års dokumentert historie. Dei bur på den store Gangessletta, i Himalayaregionen og i dei austlege delane av Afghanistan. Dei er i all hovudsak bønder. Religion: Islam. Neppe ein einaste kristen mellom dei. Språk: Gujari og hindko. Ingen deler av Bibelen er tilgjengeleg.
Herre Jesus! Du som seier at me skal forkynna di ære mellom nasjonane, og dine gjerningar mellom folkeslaga (1. Krøn. 16,24-25), gjer det klårt for kyrkja at tida no er komen for at det stolte Gujjarfolket skal få høyra evangeliet forkynt på sitt eige morsmål. Gjer deg kjent for dei. Løys dei frå alle lenker. Tal til dei. Gjer under mellom dei. Løft dei opp til deg. Me ber i ditt eige namn. Amen!
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Kong Haakon VIII
Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...
-
Over 100 hus gjekk opp i røyk og flammar i Krogstadelva i Drammen på fredag. 400 menneske vart heimlause. Ingen menneskeliv gjekk tapt. De...
-
Denne folkegruppa tel 469 000 menneske. Dei er muslimar, og snakkar ein sudanesisk versjon av arabisk. 0,02% er kristne. Bibelen er tilgje...
-
Sulawesi har over 110 folkegrupper. Dei fleste folka langs kysten er muslimar, og kristne er i fleirtal i nordaust og i dei sentrale høgla...




