Irak dekker det tidlegare Mesopotamia, landet mellom elvane (Eufrat og Tigris) der kulturen si vogge stod. Her budde sumerarane, babylonarane og assyrarane, folk som la igjen etter seg rike kulturskattar og som kvar på sitt vis var med å forma skriftspråket med bokstavar, og teikn, og som gjennom avanserte irrigasjonsanlegg hadde gjort det mogeleg å dyrka mat over store områder, og slik vart dei rike til å utvikla både kultur og bli ei krigsmakt sterk nok til å etablera dei første verdsrika i historia. Dette området sine bidrag til den historiske utviklinga er heilt enorm.
Irak er i dag eit
krigsherja og krigstrøytt land med over 40 millionar innbyggjarar. Frå
2014-2018 var store deler av dei nordlege områda under IS-kontroll, dette
diabolske regimet som etablerte ein eigen stat i skuggen av borgarkrigen i
Syria, og som kunne ekspandera fordi amerikanarane i stor grad hadde forlate
området. Sjølv om IS er nedkjempa, er området ei kruttønne, ei tidsinnstilt
bombe med eit kurdisk sjølvstyreområde i nord-aust, med Iranske styrkar i Bagdad,
med eit mylder av ulike terrorgrupper, nokre shia og nokre sunni. Før krigen
braut ut i Irak var det 2 millionar kristne i landet, dei fleste armenske og
assyriske med røter attende til den første kristne tid. No er det kanskje 200 000
att. Resten er drepne eller har flykta.
Kjære Far i himmelen! Du er den rette far for
alle menneske, og gjennom Jesus har du etablert ein open veg for oss attende
til deg. Me ber
deg i dag for det som er att av kyrkja i Irak, styrk dei truande, beskytt dei
mot djevelens raseri og leid dei ved din Ande. Me ber om at evangeliet om riket
skal bli forkynt for irakarar som aldri har fått høyra om Jesus. Takk for at du
gjer under i dette landet, for at du openberrar deg for enkeltpersonar gjennom
syner og draumar, og takk for dei som trufast deler ditt ord med folk i Irak. Må
evangeliet bli trudd og teke imot, og må dette landet bli forvandla av forvandla
menneske. Amen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar