Viser innlegg med etiketten København. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten København. Vis alle innlegg

lørdag 9. mai 2020

Dagens nasjon: Danmark

Denmark Map

43094 km2

Eit flatt land med store gardsbruk. Danmark er eit moderne demokrati med ein rik historie og kultur. Økonomien er god og baserer seg på landbruk, industri, sjøfart, fiske, litt olje og gass og reiseliv. 

5 869 410 innbyggjarar.

Hovudstad er København.

Danmark vart "kristna" for over 1000 år sidan, og har ei luthersk statskyrkje. 74% av befolkninga er medlemmer i denne kyrkja. 

Men dei siste hundre åra har den kristne trua mista kraftig terreng blant vanlege danskar, og dei er blitt veldig sekulære. 

Men no opnar danskane seg for det åndelege på nytt, men meir for det okkulte enn det kristne. 

Likevel er det ganske mange sterke kristne kyrkjelydar og miljø i dette landet, og dei representerer håpet for nasjonen. 

Dronning Margrethe står fram som ein varm og tydeleg kristen som elskar Jesus, og det er også ein stor ressurs for landet. 

Lenge var Danmark det landet i Europa som var mest ope for innvandring. Men no er dei mellom dei strengaste. Grunnen er nok at innvandrarar som utgjer 4% av befolkninga tek imot 40% av all sosialhjelp. Og bråket rundt Jyllandsposten sine karikaturteikningar av Muhammed i 2006, har vel også bidrege til dette skiftet. 

Også i dette landet mekkar dei lover som går diametralt mot Guds. Det er ein farleg sport. 

Gode Gud! Velsign Danmark. Reis opp kyrkja di på nytt i dette landet, leid henne med ditt ord og fyll henne med din Ande. Gje henne leiarar som lever som gode førebilete for dei truande, som er trufaste mot Bibelen i si undervisning og forkynning og som er i stand til å utrusta dei heilage til all god gjerning. Må ditt folk i Danmark stå fram som hovud og ikkje hale i landet, eit folk som på ein god måte set dagsorden for samfunnsdebatten. 

 

Me ber om ei gjennomgripande nasjonal vekkjing i Danmark, og me takkar deg for alle danskar som lever med deg og for deg, og me ber spesielt om at evangeliet skal finna grobotn i dei muslimske miljøa. Amen! 



onsdag 8. mai 2019

Danmark

Denmark Map
Areal: 42434 km2. Folketal: 5,8 millionar. Hovudstad: København. Styresett: Kongedøme/ parlamentarisk demokrati. Folkegrupper: 85. Språk: 13. Religion: Kristendom 74,8%. Islam 5,3%. Andre: 20%. Ganske mange nyreligiøse, også mellom folkekyrkjemedlemmene.

Færøyane og Grønland ligg under Danmark, men har stor grad av indre sjølvstyre.

Danmark er eit topp moderne og høgteknologisk samfunn med gode utdanningsinstitusjonar, topp helsevesen og ein god infrastruktur. Landet er leiande innan farmakologisk industri, fornybar energi og shipping.

Danmark vart, som Noreg,  kristna for tusen år sidan på vikingvis. Apostelen Ansgar lanserte den nye trua for danskane på 800-talet, medan kong Harald Blåtann innførte ho med tvang i siste halvdel av 900-talet.

Etniske danskar lever stort sett sekulært. Det er stor spenning mellom desse og den betydningsfulle muslimske befolkninga som i stor grad bur i eigne samfunn som tek imot 40% av alle offentlege bidrag i form av sosialhjelp og trygd.

Denne realiteten har resultert i at Danmark i dag nærast har innført ein av Europas strengaste asylpolitikk.

Sjølv om folk flest lever utan Gud, har interessen for åndelege spørsmål auka dei siste åra, og for nokre danskar sin del har det betydd ein retur til klassisk kristen tru.


  • Takk Gud for aukande interesse for tru i Danmark, og be om at Den Heilage Ande må blåsa som ein frisk vind både gjennom den danske folkekyrkja og gjennom frikyrkjene i landet.
  • Be om at dei truande skal leva som sanne disiplar av Jesus Kristus.
  • Be om at prestane må venda om til Gud og til Bibelen og modig forkynna Guds lov og Guds evangelium klårt og reint.
  • Be om at dei må leva i samsvar med Guds lover, og vera gode førebilete for folk. 
  • Be om at danskane skal venda seg bort frå ateisme, agnostisisme og nyreligiøsitet, og begynna å æra, prisa, tena og lyda den einaste sanne Gud.
  • Be om at den store muslimske befolkninga skal læra å kjenna Jesus som Gud og frelsar.
  • Be om at spenninga mellom etniske danskar og innvandrarmiljøa skal byggjast ned og erstattast med sympati, forståing og godleik.
  • Be om at innvandrarar og flyktningar skal få skikkeleg utdanning og bli godt integrert i samfunnet.
  • Be om at dei politiske leiarane i landet skal forstå at dei står under Guds lover, og at dei i Gud har den beste kompanjong og medspelar
  • Be om at dei skal ta rettferdige og kloke beslutningar, og at dei skal ha ein personleg høg moralsk standard på liva sine, lyda Gud og tena sine medmenneske. 
  • Be om landet skal vedta lover som beskyttar dei ufødde barna. 










Dagens norske kommune: Nesseby i Finnmark

  Kart: snl.no Folketal: 870. Søkkande.  Kommunesenter: Varangarbotn Næringsliv: Reindrift, jordbruk og fiske Kyrkje og kristenliv: DNK er o...