Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Det bur omlag 140 millionar menneske på Java. 90% er muslimar. 5% er kristne. I hovudstaden Jakarta er det 13% kristne, ofte knytt opp til megakyrkjer. Trass i stor motstand, held kyrkja fram med å veksa år etter år. Særleg blant den kinesiske minoriteten. Over halvparten av dei er no kristne. Folk flest på Java er mottakelege for evangeliet, samstundes med at ein meir fundamentalistisk versjon av islam, santriislam, er i ferd med å få stor makt i samfunnet. Det blir vedteke lover som hindrar kyrkjelydar å byggja seg forsamlingslokaler, og nokre kyrkjer vert endå til rivne fordi eitt eller anna bagatellmessig krav ikkje var innfridd. Det kallast obstruksjon.
Be om at dei truande på Java skal stå fast i Kristus, og bli reinsa og fornya midt i dei trengslene som dei må gå gjennom pga evangeliet.
Be om at islams løgner skal bli avslørte for folk slik at dei strøymer i skarar til Kristus.
Be om at kyrkjene skal stå tett saman, og at dei truande skal ha ei djup samkjensle og at dei skal vera eitt.
Be om at dei mange store unådde folkegruppene på Java skal bli nådde med evangeliet: Sunda (34m), Pasisir Lor (23,3m), Madura (15m).
Magi, hekseri, shamanisme og andre okkulte praksisar er sveært utbreidd på Java. Be om at dei truande skal bli utrusta med nådegåver til av avsløra dei vonde åndene som ofte bur i folk og driva dei ut i Jesu namn.
Be om at nye kristne skal bli fostra og forma av gode mentorar.
Indonesia er med sine nesten 274 millionar menneske verdas mest folkerike muslimske nasjon. Hovudstaden er Jakarta. 83% av befolkninga er muslimsk. 15% er kristne. Vel 5% evangelisk kristne. Landet består av 17500 øyar. Dei største er Borneo, Sumatra, Java, Sulawesi, Ambon, Papua og Timor. Det er 779 ulike folkegrupper i Indonesia som snakkar 722 svært ulike språk. Språkrikdomen representerer ei stor misjonsutfordring. Dei fleste folkeslaga i landet må reknast som unådde.
Likevel er Indonesia det landet i verda som dei siste 60-70 åra har sett dei største kristne vekkingane i moderne tid. Gud har berørt nasjonen med uvanleg kraft med det resultat at folk på radikalt vis har vendt om til Gud. Det blir også fortalt om spektakulære mirakel knytt opp til vekkingane.
Men det har også vore døme på skarp forfølging av kristne i landet, noko som toppa seg i tida frå 1999 til 2002 då 3000 kristne vart drepne av jihadistar på Ambon. Liknade åtak har me også vore vitne til på Sulawesi.
Det indonesiske folket er sukke djupt med i okkulte handlingar, og dei enorme åndelege bindingane fører til kraftige konfrontasjonar når evangeliet blir forkynt.
Be om at dei truande skal bli utrusta med kraft og autoritet til å setja folk fri frå desse demoniske kreftene.
Muslimane gjer alt dei kan for å bringa dei kristne til taushet. Dei prøver å skremma dei, gjera livet vanskeleg for dei økonomisk, føra rettssaker mot dei, finna spissfindige juridiske grunnar til å få kyrkjene stengde osv.
Be om at dei kristne ikkje skal la seg skremma men frimodig halda fram med å vitna om Jesus, be for folk og gjera gode gjerningar.
Be om at Far skal sørga for barna sine også økonomisk.
I 1996 kom evangeliske kristne frå mange ulike kyrkjer sama og utarbeidde ein sams strategi for å bringa evangeliet ut til dei unådde folkegruppene. Denne einskapen står fast, og dei er i gong med eit imponerande arbeid. Måla deira er i denne generasjonen : 1) Å etablera ei levande og misjonale kyrkje i kvar einaste folkegruppe i landet. 2) Å planta ein levande kyrkjelyd i kvar einaste landsby (45000). 3) Å etablera bønegrupper i kvart einaste nabolag, bønegrupper som er lenka saman i eit nettverk.
Be om at dei nasjonale evangelisk kristne i Indonesia skal lukkast med å evangelisera og disippelgjera alle dei unådde folkegruppene i landet sitt.
Indonesia har 3 millionar barnearbeidarar som ikkje får høve til å gå på skule slik at dei kan få lagt eit fundament for ei betre framtid. Mange barn og unge må sjåast på som moderne slavar.
Be om at barn og unge må få ivaretatt dei sentrale menneskerettane sine, at dei må få høve til å ta seg utdanning som kan føra dei fram til løna arbeid og ei trygg framtid. Be om at kyrkja skal nå fram til dei der dei er med evangeliet om Jesus.
I 2019 bestemte regjeringa å tvangsflytta 8 millionar menneske frå Java til Sumatra, Sulawesi og Papua. Grunnen er at Java er overbefolka, og dei ønskjer å avhjelpa dette. Dette har naturlegvis ført til mange protestar, og lokalbefolkninga på Papua har gjort opprør.
Be om at den uretten som folk blir utsette for fører til at evangeliet om Jesus blir gjort kjent der det før har vore ukjent.
Indonesia har eit samla landareal på over 1,9 millionar km2. Befolkninga er på 254 millionar fordelt på 750 ulike folkegrupper som snakkar 722 ulike språk. Mange av desse språka er lokalisert til Vest-Papua (Irian Jaya). Hovudstad: Jakarta (10 mill)
Wycliffe er inne og jobbar med bibeloversetting i 150 av dei mange språka.
Landet er delt opp 17500 større og mindre øyar. Klimaet er tropisk, og landet ligg i eit geologisk uroleg område der vulkanutbrot og jordskjelv er vanlege fenomen. Dei siste åra har 200 000 menneske mista livet pga naturkatastrofar.
Landet har demokratisk styresett som ser ut til å fungera relativt bra, sjølv om korrupsjon og nepotisme dominerer i det politiske og økonomiske livet.
1/6 av menneska lever under FN si fattigdomsgrense (som er svært låg). Avstanden mellom fattig og rik er enorm.
Indonesarane livnærer seg av jordbruk, fiske, skogsdrift (avskoging er eit formidabelt problem med eit stort og uoppretteleg skadepotensiale), klesproduksjon, oljeutvinning, handel og vandel og andre servicenæringar. Landet har store uutnytta mineralførekomstar.
Landet har vore kolonisert av Portugal, Nederland, England og Japan sidan 1511, men vart sjølvstendig etter 2. verdskrig.
Indonesia er verdas største muslimske stat. Men over 15% er likevel kristne.
Omlag 80% er muslimar og resten hinduar og animistar. For dei fleste muslimane sitt tilfelle er trua deira ei blanding av islam, okkultisme og animisme, såkalla "folkeislam".
Kristendomen går fram mange stader i landet, og har ein gjennomsnittleg vekst på 1,6% per år. Vekkinga på 1960-talet hadde nytestamentlege dimensjonar.
Framgangen for evangeliet har dei siste åra forårsaka motstand både frå muslimske styresmakter og mektige okkulte krefter. Rundt år 2000 vart 3000 kristne drepne av islamistar på Ambon, og liknande åtak har me også sett på Sulawesi. Lenge levde dei ulike religiøse gruppene i fred med kvarandre, men i dag blir kristne stadig utsette for forfølging og trakassering, og dei møter restriksjonar med tanke på å byggja kyrkjer, og nokre nye kyrkjer er vorten rivne av styresmakter som fann ut at ikkje alle prosedyrar var følgde til punkt og prikke.
Be om at Gud skal styrka kyrkja si i Indonesia på alle nivå, og be særleg om gode leiarar.
Be om at alle nye kristne skal bli forsvarleg disippelgjort.
Be om at alle kristne skal leva nær til Gud, og leva oppofrande liv.
Be om ein tydeleg misjonsvisjon mellom dei kristne.
Be om kraftfulle misjonstiltak retta mot alle dei mange unådde folkegruppene, særleg på Sumatra.
Be om at forkynninga av Guds ord skal vera sunn, og ikkje vera prega av slagsider.
Be om at dei truande skal vera utrusta med gåver til å avsløra vonde åndsmakter som prøver å infiltrera kyrkjelydane.
Be om at dei truande skal ha nok tilgang til biblar, kristen litteratur og andre opplæringsressursar.
Be om at Gud skal vaka over, og styrka demokratiet i landet.
Be om at det skal setjast i gong bibeloversetting i alle språk der det er behov.
Be om at dei kristne skal ha styrke til å stå fast i alle stormar, og møta hat og vald med kjærleik og kløkt.
Be om at styresmaktene i landet skal ta ansvar for dei fattige slik at dei kan få seg naudsynt utdanning med tanke på at dei kan betra levekåra sine og med tanke på at landet kan utvikla seg.