Viser innlegg med etiketten Khatrifolket. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Khatrifolket. Vis alle innlegg

onsdag 5. august 2020

Dagens unådde folkeslag: Khatri (muslimsk tradisjon) i Pakistan



Kjelde og foto: www.joshuaproject.net

Dette folket tel 1 138 000 menneske. Dei lever i dei vestlege områda av Punjabprovinsen i landet. 
Khatrifolket er eit høgkastefolk. Dei er framgangsrike forretningsfolk, og barna deira får den beste utdanning som er tilgjengeleg. Khatrikvinnene er kjende for å vera uvanleg vakre. Dei tek trua si yttarst alvorleg om dei er muslimar, hinduar eller tilhøyrer sikhsamfunnet. Punjabi er hovudspråket, men dei snakkar også mange andre lokale språk, så her vil det vera trong for mange bibeloversettingar og for separate kyrkjeplantingar i kvar einaste undergruppe. Ingen kristne i registrerte.

Be om at lyset frå evangeliet snart skal skina for khatrifolket i Pakistan slik at dei kan koma til tru på Jesus og bli frelst.
Be om at Gud skal gjera folket audmjukt slik at dei kan vera mottakelege for hans nåde.
Be om at dei skal vera ærlege og redelege i forretningslivet
Be om at dei skal forstå at dei har fått rikdomane sine til forvaltning, og at dei skal bruka alle dei rike ressursane dei rår over i teneste for andre menneske




mandag 1. september 2014

Dagens unådde: Khatrifolket i Pakistan


Khatrifolket tel vel ein million menneske, og held til i den vestlege delen av Punjab. Dei kjem tradisjonelt frå ein hinduistisk høgkaste, noko som betyr mykje for dei også i dag sjølv om dei no formelt er muslimar. Dei tilhøyrer middelklassen, er velståande og velutdanna. Khatriane har det litt ansamt med maten sidan dei ikkje kan eta mat laga av folk som står under dei på rangstigen. Skilsmål er forbode, men dei ser gjennom fingrane med det dersom det er snakk om alvorlege mistilhøve. Khatrikvinnene er kjende for å vera uvanleg vakre. Dei fleste snakkar punjabi, men også mange andre språk er representerte mellom dei.

Kjære Herre Jesus! Sjå i nåde til khatrifolket. Send dine vitner til dei for å dela dei gode nyheitene om deg og di frelse med dei. Bryt ned den djupt kulturfesta stoltheiten deira som hindrar dei i å bøya seg under di mektige hand og ta imot nåde. Reis dei opp til eit kristent folk som fylt av Ande og kraft inntek ein leiarposisjon i evangeliseringa av Pakistan. Høyr og bønhøyr oss for di eiga skuld. Amen!

Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...