Folketal: 84 923 314
(juli 2020) fordelt på 100 folkegrupper. Hovudstad er Teheran, og elles ser du på kartet over namnet på mange andre store byar i landet. Mange av dei er millionbyar.
Det er naturlegvis flest persarar i Iran (62%). Men det er også andre store
grupper som aserbadsjanarar (22%), tyrkarar, balutsjar, arabarar og
sigøynarar.
Offisielt språk er
farsi. Totalt blir det snakka 79 språk. Heile Bibelen er omsett til 4, 6 språk
har NT medan 7 har deler av Bibelen. Dette er tal frå 2010.
Iran er eit
religiøst diktatur styrt av ayatollah Ali Khamenei og eit presteråd.
Dei vert
verna av den berykta Revolusjonsgarden som har 350 000 topptrente soldatar
under våpen og tilgang til uavgrensa ressursar.
Landet har
ein president og eit parlament som ikkje har noko reell makt.
Før 1979 var
landet styrt av ein konge, og samfunnet var ganske liberalt. Men den islamske
revolusjon i 1979 endra dette radikalt. Då kom ayatollah Khomeini til makta, og
etter den tid har Iran vore eit terrorvelde som undertrykkjer si eiga
befolkning med alle kjende midlar, og som spreier og finansierer terror over
heile Midt-Austen. Dei står bak Hizbollah i Libanon, Hamas i Gaza, Hutumilitsen
i Jemen, Islamsk jihad, PKK (det kurdiske kommunistiske parti), det iraksike
Da`wah-partiet, den islamske frigjeringshæren i Bahrain, den japanske raude
arme og mange andre grupper. Enorme summar går med til iransk terror i
utlandet.
Iran hatar
Israel, og har sett seg som mål å utsletta den jødiske staten. For å få dette
til jobbar dei febrilsk for å skaffa seg atomvåpen, og har i dag utstyr som
skulle gjera dei i stand til å klara det.
Iran er pga
atomprogrammet sitt underlagt strenge økonomiske restriksjonar frå
verdssamfunnet si side. Det hemma den økonomiske utviklinga i landet.
Iran er i
hovudsak shiamuslimsk (89%), men arabarane, tyrkarane, nokre aserbadsjanarar og
balutsjarane er sunnimuslimar. Det finst små grupper armenske og assyriske
kristne i landet. Dei har lov å driva på med sitt, berre dei ikkje
evangeliserer. Det er forbode å forretta gudsteneste på farsi.
I det
offentlege rom må alle iranarar følgja strenge religiøse reglar. Men på
heimebane er dei liberale, og stort sett er dei lut lei islam. Dei føler seg
rundlurt av presteskapet som lova gull og grøne skogar før revolusjonen i 1979.
Ingenting har dei halde, og fattigdomen spreier seg. Det har ført
til massive protestar som er blitt slått ned med våpen av styresmaktene. I sist
runde (etter nedskytinga av eit ukrainsk passasjerfly) vart 1500 protestantar
skotne og drepne av Revolusjonsgarden sine folk.
Dei siste 30
åra har det vakse fram ei protestantisk undergrunnskyrkje i Iran, og evangeliet
om Jesus spreier seg frå kvinne til kvinne og mann til mann med ei stadig aukande
kraft. I dag kan det vera så mange som 3 millionar protestantiske kristne i
landet. Presteskapet er kjempebekymra, og forfølgjer dei kristne med aukande
intensitet. Det er forbode for ein muslim i Iran å konvertera til ei anna tru. Det
er apostasi, og skal i prinsippet straffast med døden, men det skjer sjeldan. Aktive
konvertittar blir det som regel idømt lange fengselsstraffer.
Etter 1979
har millionvis av iranarar flykta til andre land. Mange av desse er blitt
kristne.
Likevel er
dødsstraff flittig brukt i Iran mot politiske fangar under påskot av at dei har
drive med narkotika. Men bruk av narkotika er vanleg også blant presteskapet.
Knapt noko land i verda har større rusproblem enn Iran.
Iran er ille plaga av koronaviruset, og styresmaktene har mista all kontroll. 12829 iranarar har døydd av denne sjukdomen dei siste vekene. Men me må rekna med at mørketala er store her. Truleg er det langt fleire.
Iran er eit
uvanleg vakkert land med eit høgreist folk og ein rik historie som går mange
tusen år attende i tid. Mange ting kunne vore skrive om kulturskattar,
mattradisjonar og folket sin enorme interesse for poesi osv. Men det er ikkje
plass til det her.
- · Det er grunn til å takka Gud for den
kristne vekkinga som i dag spreier seg i Iran som eld i tørt gras.
- · Be om at det som skjer berre skal
auka i kraft
- · Be om at dei kristne skal ha tilgang
til nok biblar og annan kristen litteratur.
- · Be om at dei kristne skal bli verna
mot vrang lære. Det er mange unitare kyrkjer i Iran som fornektar Jesu guddom.
- ·
Be om at Bibelen skal bli ei populær bok i Iran som alle får lyst til å
lesa.
- ·
Be om at Bibelen skal finna sin veg inn i dette landet.
- ·
Be om at Gud skal verna dei kristne mot
overgrep, og gje dei visdom i møte med styresmakter som berre vil dei
vondt.
- ·
Be om at Gud skal styrkja alle kristne som i dag sit i fengsel, og særleg
dei som blir utsette for tortur.
- ·
Be om at evangeliet må få så stor makt i landet at det blir totalt
forvandla frå innsida, og at det muslimske presteskapet også skal bli rivne med
av Jesusvekkinga.
- ·
Be om at evangeliet også skal nå fram til dei mange unådde folkeslaga i
landet som gilaki i nord og balutsjarane i sør-aust.
- ·
Be om at Jesus skal løysa alle med rusproblem som ber han om hjelp.
- ·
Be om at prestestyret skal falla, og at Revolusjonsgarden skal løysast
opp
- ·
Be om at iranarane skal forstå at jødane er Guds utvalde folk, og at dei
blir velsigna om dei velsignar Israel.
- ·
Be om at iranarane i diaspora (landflyktighet) skal få møte Jesus, ta
imot hans som Herre og frelsar i sine liv og få hjarto sine forvandla av
evangeliet og Den Heilage Andens kraft.