mandag 8. juli 2019

Indonesia 1

Indonesia har eit samla landareal på over 1,9 millionar km2. Befolkninga er på 254 millionar fordelt på 750 ulike folkegrupper som snakkar 722 ulike språk. Mange av desse språka er lokalisert til Vest-Papua (Irian Jaya). Hovudstad: Jakarta (10 mill)

Wycliffe er inne og jobbar med bibeloversetting i 150 av dei mange språka.

Landet er delt opp 17500 større og mindre øyar. Klimaet er tropisk, og landet ligg i eit geologisk uroleg område der vulkanutbrot og jordskjelv er vanlege fenomen. Dei siste åra har 200 000 menneske mista livet pga naturkatastrofar.

Landet har demokratisk styresett som ser ut til å fungera relativt bra, sjølv om korrupsjon og nepotisme dominerer i det politiske og økonomiske livet.

1/6 av menneska lever under FN si fattigdomsgrense (som er svært låg). Avstanden mellom fattig og rik er enorm.

Indonesarane livnærer seg av jordbruk, fiske, skogsdrift (avskoging er eit formidabelt problem med  eit stort og uoppretteleg skadepotensiale), klesproduksjon, oljeutvinning, handel og vandel og andre servicenæringar. Landet har store uutnytta mineralførekomstar.

Landet har vore kolonisert av Portugal, Nederland, England og Japan sidan 1511, men vart sjølvstendig etter 2. verdskrig.

Indonesia er verdas største muslimske stat. Men over 15% er likevel kristne.
Omlag 80% er muslimar og resten hinduar og animistar. For dei fleste muslimane sitt tilfelle er trua deira ei blanding av islam, okkultisme og animisme, såkalla "folkeislam".

Kristendomen går fram mange stader i landet, og har ein gjennomsnittleg vekst på 1,6% per år. Vekkinga på 1960-talet hadde nytestamentlege dimensjonar.

Framgangen for evangeliet har dei siste åra forårsaka motstand både frå muslimske styresmakter og mektige okkulte krefter. Rundt år 2000 vart 3000 kristne drepne av islamistar på Ambon, og liknande åtak har me også sett på Sulawesi. Lenge levde dei ulike religiøse gruppene i fred med kvarandre, men i dag blir kristne stadig utsette for forfølging og trakassering, og dei møter restriksjonar med tanke på å byggja kyrkjer, og nokre nye kyrkjer er vorten rivne av styresmakter som fann ut at ikkje alle prosedyrar var følgde til punkt og prikke.


  • Be om at Gud skal styrka kyrkja si i Indonesia på alle nivå, og be særleg om gode leiarar.
  • Be om at alle nye kristne skal bli forsvarleg disippelgjort.
  • Be om at alle kristne skal leva nær til Gud, og leva oppofrande liv.
  • Be om ein tydeleg misjonsvisjon mellom dei kristne. 
  • Be om kraftfulle misjonstiltak retta mot alle dei mange unådde folkegruppene, særleg på Sumatra. 
  • Be om at forkynninga av Guds ord skal vera sunn, og ikkje vera prega av slagsider. 
  • Be om at dei truande skal vera utrusta med gåver til å avsløra vonde åndsmakter som prøver å infiltrera kyrkjelydane.
  • Be om at dei truande skal ha nok tilgang til biblar, kristen litteratur og andre opplæringsressursar.
  • Be om at Gud skal vaka over, og styrka demokratiet i landet.
  • Be om at det skal setjast i gong bibeloversetting i alle språk der det er behov.
  • Be om at dei kristne skal ha styrke til å stå fast i alle stormar, og møta hat og vald med kjærleik og kløkt. 
  • Be om at styresmaktene i landet skal ta ansvar for dei fattige slik at dei kan få seg naudsynt utdanning med tanke på at dei kan betra levekåra sine og med tanke på at landet kan utvikla seg.  

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...