Viser innlegg med etiketten yinuo. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten yinuo. Vis alle innlegg

lørdag 6. juli 2019

Dagens unådde: Nosu Yinuo i Kina


Folketal_: 672000. Språk: Nosu. Bibelomsetting: Heile Bibelen tilgjengeleg.
Nosu Yinuo har ei fortid som brutale krigarar og slavehandlarar. Då kommunistane kom til makta rundt 1950, vart dei avvæpna. 
Nosu Yinua lever avsondra og tungt tilgjengelege i dalfører. Språket er komplisert. Joshuaproject meiner det KAN finnast nokre få kristne mellom dei. Minnet om storflaumen lever enno mellom dei, og dette KAN vera ein kopling for dei som vil forkynna evangeliet om Jesus Kristus for dei.  

Gode Gud og Far! Må Nosu Yinuo læra å kjenna Sonen din og finna sin frelsesgrunn i han. Send Ordet ditt til dei og Anden din over dei slik at dei kan koma til tru, bli frelst frå sine synder og opptekne i din lovsyngande kyrkjelyd. Amen! 





onsdag 14. juni 2017

Yinuo i Kina

Yinuo tilhøyrer ein større cluster kalla Nosu. Yinuo tel 654 000 menneske som bur i utilgjengelege fjellområder i Sichuan. Dei snakkar nuosu, og heile Bibelen vart tilgjengeleg på språket deira i 2016.
Yinuo har sin eigen religion. I deira historie er det ei forteljing om ein storflaum som tok livet av alle som ikkje hadde teke sin tilflukt i båten som den rettferdige Dum hadde bygd. Likskapen med Noaforteljinga er påfallande. Få kristne har freista å nå Yinuofolket, og berre 0,05% av dei er kristne. Det utgjer 300 menneske.
Yinuo er berykta for sin aggressive mentalitet, og har gjennom hundreåra vore eit krigersk folk med mange slavar.

Kjære Herre Jesus, du som kom for å skapa fred mellom oss og Gud, mellom oss menneske og i oss menneske, gjer deg kjent for yinuofolket og gje dei din fred. Lat dei få møta deg i Bibelen, og bli gripne av alle dei like trekka det er mellom deira eigne forteljingar og dine.  Smelta hjarto deira ved din Ande og frels dei alle saman inn i ditt rike. Lat dei kristne mellom dei halda saman i tette fellesskap, leva som dine sanne disiplar og vera tydelege og klåre Kristuslys mellom sine eigne. Me ber i Jesu namn, amen! 

Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...