Det er mange grunnar til at dette skjer. Det eine er Guds tidsplan for dette folket. Iran er inne i ei nådetid. Det andre er effekten av kristent satelitt-TV, (m.a. SAT 7 og MOHABAT TV) kristne radiostasjonar (m.a. Trans World Radio), kristne internettsider, storstilt bibelsmugling (Åpne Dører), eit effektivt bibeldistribusjonssystem basert på kurerar, ei effektiv hemmeleg leiaropplæring i Tyrkia (der m.a. Toronto airport fellowship er involvert) og ein massiv innsats frå misjonsorganisasjonar som Elam Ministries, 222 Ministries, Sohrab books, Persian World Outreach, Iranian Christian International og mange fleire, som i stor grad vert drivne av kristne eksiliranarar.
Det spesielle i Iran er at dei unge er så opne for Jesus. Dei elskar lovsongane som dei kan lytta til på nettet (i den grad det er ope, det er det ikkje alltid).
- Be om at Gud effektivt skal nå fram til iranarane gjennom dei mange kanalane som til eikvar tid er opne. Styresmaktene jobbar febrilsk med å stengja att denne straumen av liv til det iranske folket, og dei kjøper no inn eit omfattande overvakingssystem frå Kina, Big Brother-landet framfor nokon. Be om at Gud skal leggja hindringar i vegen for dette prosjektet.
- Be om at dei ulike misjonsorganisasjonane alltid skal ha tilstrekkeleg økonomi til å driva.
- Det er stor mangel på biblar i høve til behovet. Be om at Bibelen må bli gjort tilgjengeleg for alle i dette store landet, like eins det beste av annan kristen litteratur
- Be om framgang for dei mange ulike bibelkorrespondansekursa som vert drivne av misjonane, og at mange skal finna Kristus gjennom desse.
- Be om at dei mange unge i dette landet finn Jesus gjennom nye lovsongar, og at dei skal bli grunnfesta i Guds ord, i Guds nåde og i Guds fellesskap.
- Be om at kristne videoprogram innretta mot barn og unge må bli gjort tilgjengelege for målgruppa.
- Be om at Gud reiser opp innfødde kristne forfattarar som kan skriva kristne bøker som talar direkte til iranarane sine hjarto.
- Be om stor distribusjon av Jesus-filmen. Denne har synt seg utruleg effektiv i over tusen ulike folkegrupper.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar