søndag 28. juli 2019

Jordan

Jordan er ein nasjon som vart grunnlagt som eit arabisk rike då Det osmanske rike fall ved slutten av første verdskrigen. Grensene for "Transjordania" vart dregne av engelskmennene, og må sjåast i samanheng med at jødefolket gjennom Balforerklæringa fekk lovnad om eit heimland på vestbreidda av Jordanelva. Det som i dag vert kalla Vestbreidda (Judea og Samaria) vart ulovleg okkupert av Jordan i 1948, og annektert 1950. Ingen land med unnatak av England godkjende dette.
I 1988 gav Jordan opp alle krav på området, og alle som ser på seg sjølve som palestinske flyktningar kan når som helst reisa til Jordan og få statsborgarskap og fulle rettar. 1,8 millionar har valt denne løysinga. Andre blir att for å ta del i kampen mot Israel.

Jordan var i gamal tid eit rikt jordbruksland. Men ørkenen har overteke det meste. Det er berre 5 km2 med skog att.
I dag lever folk i stor grad av turisme. Klippebyen Petra er den fremste av turistattraksjonane.
Jordan har forresten ein del tekstilindustri og utvinning av fosfat, og utanlandske selskap satsar på produksjon av elektrisitet ved hjelp av svære solcelleanlegg.

Jordan hyser mange hundre tusen flyktningar frå Syria og Irak som er samla i FN-leirar.

Jordan vert i dag styrt ganske diktatorisk av representantar for den hasjmittiske kongsætta.

Arael: 92000 km2.
Folketal:  vel 10 458 413 (juli 2018)
Offisielt språk: Arabisk.
Regent: kong Abdullah II.

Islam er offisiell religion. 97% er muslimar. 2,2% er kristne (i 1980 var det 6,5% kristne, men dei fleste har emigrert), og dei nyt ein viss grad av fridom, men må leva under noko press likevel.

Sidan 1995 har dei evangeliske kyrkjene opplevd ein oppsiktsvekkande vekst. Dei samlast gjerne i mindre grupper for å tilbe Jesus saman. Dei fleste av desse nye truande har tidlegare vore nominelle kristne i tradisjonelle kyrkjesamfunn, men me ser også eit aukande antal MBB`arar (MBB= Muslim Background Believers).


  • Be om at Gud skal fullføra det verket han har starta i Jordan, og at evangeliet om kong Jesus skal gå inn hos folk, helga dei og skapa nytt liv i hjarto.
  • Be om einskap mellom dei truande.
  • Be om at dei nye kristne skal bli grunnfesta i Guds nåde, Guds ord og i Guds kyrkje. 
  • Be om at kyrkja skal ha nok leiarar, og at leiarane skal ha dei rette kvalitetane.
  • Be om at folket ikkje skal tapa religionsfridomen sin
  • Be om at det skal vera stor openheit for kristne misjonærar frå andre land
  • Be om at dei mange fullstendig unådde palestinarane skal få møta Jesus som den frelsar og Herre han er for DEI. 
  • Be om framgang for evangeliet mellom dei mange flyktningane i Jordan
  • Be om effektive måtar å nå dei 300 000 beduinane på
  • Be også om frelse for den vesle gruppa med sigøynarar som bur i landet.
  • Be om effektiv distribusjon av biblar, Jesusfilmen og annan god kristen litteratur
  • Be om at folk skal finna fram til Jesus gjennom TV, radio og internett.



Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...