Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Rungafolket i Den sentralafrikanske republikk tel 30000 menneske. Dei er muslimar, og lever av å dyrka jorda. Rungafolket har sitt eige språk. Ingen deler av Bibelen er tilgjengeleg på dette språket, og rungafolket er då også eit unådd folkeslag. Rungafolket praktiserer polygami, og ein mann kan ha fire koner. Dei praktiserer "folkeislam", og trua deira er blanda saman med tradisjonelle afrikanske religionar. Nokre er sufistar. Sufismen er ein mystisk retning innan islam. Kjelde, bilete og kart: joshuaproject.net
Gode Gud og Far! Du som gjennom Kristus har forsont heile verda med deg sjølv, må Kristus bli gjort kjent for rungafolket i Den sentralafrikanske republikk slik at dei kan bli forsont med deg gjennom han. Send dine tenarar ut med det oppdraget å disippelgjera dette folket. Me ber om at dei skal bli informert, på sitt eige språk, om at Jesus på krossen fullførte alt som skulle til for deira frelse og evige lukke, og løys dei ut frå islams løgner, frå synd og skuld og skam og frå alle dei bindingane som ligg i afrikansk okkultisme og magi. Amen!
Indonesia har eit samla landareal på over 1,9 millionar km2. Befolkninga er på 254 millionar fordelt på 750 ulike folkegrupper som snakkar 722 ulike språk. Mange av desse språka er lokalisert til Vest-Papua (Irian Jaya). Hovudstad: Jakarta (10 mill)
Wycliffe er inne og jobbar med bibeloversetting i 150 av dei mange språka.
Landet er delt opp 17500 større og mindre øyar. Klimaet er tropisk, og landet ligg i eit geologisk uroleg område der vulkanutbrot og jordskjelv er vanlege fenomen. Dei siste åra har 200 000 menneske mista livet pga naturkatastrofar.
Landet har demokratisk styresett som ser ut til å fungera relativt bra, sjølv om korrupsjon og nepotisme dominerer i det politiske og økonomiske livet.
1/6 av menneska lever under FN si fattigdomsgrense (som er svært låg). Avstanden mellom fattig og rik er enorm.
Indonesarane livnærer seg av jordbruk, fiske, skogsdrift (avskoging er eit formidabelt problem med eit stort og uoppretteleg skadepotensiale), klesproduksjon, oljeutvinning, handel og vandel og andre servicenæringar. Landet har store uutnytta mineralførekomstar.
Landet har vore kolonisert av Portugal, Nederland, England og Japan sidan 1511, men vart sjølvstendig etter 2. verdskrig.
Indonesia er verdas største muslimske stat. Men over 15% er likevel kristne.
Omlag 80% er muslimar og resten hinduar og animistar. For dei fleste muslimane sitt tilfelle er trua deira ei blanding av islam, okkultisme og animisme, såkalla "folkeislam".
Kristendomen går fram mange stader i landet, og har ein gjennomsnittleg vekst på 1,6% per år. Vekkinga på 1960-talet hadde nytestamentlege dimensjonar.
Framgangen for evangeliet har dei siste åra forårsaka motstand både frå muslimske styresmakter og mektige okkulte krefter. Rundt år 2000 vart 3000 kristne drepne av islamistar på Ambon, og liknande åtak har me også sett på Sulawesi. Lenge levde dei ulike religiøse gruppene i fred med kvarandre, men i dag blir kristne stadig utsette for forfølging og trakassering, og dei møter restriksjonar med tanke på å byggja kyrkjer, og nokre nye kyrkjer er vorten rivne av styresmakter som fann ut at ikkje alle prosedyrar var følgde til punkt og prikke.
Be om at Gud skal styrka kyrkja si i Indonesia på alle nivå, og be særleg om gode leiarar.
Be om at alle nye kristne skal bli forsvarleg disippelgjort.
Be om at alle kristne skal leva nær til Gud, og leva oppofrande liv.
Be om ein tydeleg misjonsvisjon mellom dei kristne.
Be om kraftfulle misjonstiltak retta mot alle dei mange unådde folkegruppene, særleg på Sumatra.
Be om at forkynninga av Guds ord skal vera sunn, og ikkje vera prega av slagsider.
Be om at dei truande skal vera utrusta med gåver til å avsløra vonde åndsmakter som prøver å infiltrera kyrkjelydane.
Be om at dei truande skal ha nok tilgang til biblar, kristen litteratur og andre opplæringsressursar.
Be om at Gud skal vaka over, og styrka demokratiet i landet.
Be om at det skal setjast i gong bibeloversetting i alle språk der det er behov.
Be om at dei kristne skal ha styrke til å stå fast i alle stormar, og møta hat og vald med kjærleik og kløkt.
Be om at styresmaktene i landet skal ta ansvar for dei fattige slik at dei kan få seg naudsynt utdanning med tanke på at dei kan betra levekåra sine og med tanke på at landet kan utvikla seg.
Belitungfolket lever litt utilgjengeleg til på Belitungøya aust for Sumatra. Dei tel 108000 menneske. Dei knytte seg til islam i det 17.hundreåret, men som mange andre i Indonesia er dei svært moderate, og praktiserer "folkeislam", dvs ei samanblanding av islam og animisme. Det er registrert ei handfull kristne belitungar. Kjelde: www.joshuaproject.no
Kjære gode Gud og frelsar!
Me les om dine gjerningar på mange av dei indonesiske øyane. Tusen på tusen kjem til tru på Jesus og erfarer den nye fødsel. No ber me om at nokre av desse skal ta turen til belitungfolket og dela Jesus med dei. Må du i din nåde ausa Anden din utover belitungfolket slik at dei forstår at du har døydd for deira synder og stått opp til deira rettferd og evige frelse.
Badyarafolket i Guinea er eit minoritetsfolk som tel 9500 menneske. Til saman med små grupper i nabolanda tel dei 16500. Dei snakkar sitt eige språk. Det er ikkje føreteke bibeloversettingsarbeid til badyara, men det føreligg nokre lydopptak av evangelietekstar. Religionen er ei blanding av islam og animisme, såkalla "folkeislam", som er ganske vanleg i Afrika. Dei har den underlege skikken at alle menn MÅ gifta seg med ei kvinne dei ikkje elskar, elles misser han makta si over henne. Det er registrert nokre få kristne i dette folket, som elles må sjåast på som eit heilt unådd folkeslag.
Herre Jesus, frelsar og Herre! Sjå i nåde til badyarafolket i Guinea. Må lyset frå himmelen fløyma over dei og dra hjarto deira mot deg, og når dei ein gong får høyra evangeliet forkynt på sitt eige språk, må dei få sjå sanninga, at du elskar dei, tok bort syndene deria på krossen og forsonte dei med Gud med ditt eige blod, og at du og samfunnet med deg er den einaste vegen til frelse.
Kazakhstan er med eit flatemål på 2,7 mill kv.km. det 9. største landet i verda. Det bur om lag 16 mill menneske der, 3,5 millionar kazakhar bur i andre land. Over 65 % av befolkningar er tyrkarar (tyrkarane i Tyrkia kom frå sentral-Asia seint på 1200-talet), resten er stort sett russarar. Enorme olje og mineralressursar har gjeve landet ein enorm økonomisk vekst dei siste tiåra. 53,7% av befolkninga er muslimar. Dette er "folkeislam" iblanda shamanisme. 33% ikkje-religiøse medan 13% er kristne, dei aller fleste ortodokse. 0,8% er protestantar. Stadig strengare religionslover har resultert i tilfelle av forfølging av evangeliske kristne. Likevel har det vore ein bemerkelsesverdig stor vekst mellom desse frå null i 1990 til 15000 i 2010. Dei profiterer mykje på einskap mellom dei truande og effektiv nettverkbygging.
Kjære, gode Jesus! Me takkar deg for det gode du er i gong med i Kazakhstan, og at du vil fullføra ditt verk i dette landet heilt til du kjem att i herlegdom for å døma levande og døde. Må du vakta dei truande mot materialisme og begjær. Styrk dei mektig med din Ande slik at din karakter og di kraft kjem til uttrykk i liva deira. Hald motet oppe hos dei når dei får vanskar med styresmaktene, og må dei akta det for ei glede når dei må lida for deg. Må alle som bur i Kazakhstan få evangeliet presentert for seg på ein slik måta at dei har ein reell sjanse til å seia ja til deg og nei til synda og djevelen. Me ber i ditt namn. Amen!