fredag 26. juli 2019

Japan

 

Japan er soloppgangens land. Det er omtrent så stort som Noreg i flatemål, og arealet er fordelt på tre store øyar, Hokkaido i nord, imidten Honshu  (den største) og i sør : Shikoku. Det bur omlag 126 millionar menneske i landet, men folketalet minkar fort no, eit fenomen som med tida kjem til å føra til manglande arbeidskraft og enorme vanskar med å få gjort alt som skal gjerast.

Landet har mange millionbyar. Den største er Tokyo-Yokohama med 36 mill menneske.  Japan var ein gong ei stormakt i Asia, og under siste verdskrigen okkuperte dei deler av Kina, Fillipinane, Indonesia, Oseania og Indo-Kina. Atombombene over Hiroshima og Nagasaki gjorde ein brå slutt på krigen, Japan kapitulerte og landet vart avmilitarisert. Japanarane var i ein elendig forfatning.

Men på rekordtid snudde dei nederlag til siger. Utan militærutgifter kunne dei konsentrera seg om attreisinga, og i laupet av 25 år hadde landet blitt ei økonomisk stormakt i verda, og har vore det fram til i dag. Dei er fattige på råvarer, og må importera det meste som dei bearbeidar til ferdige eksportvarer. Me kjenner alle til den suksessrike japanske bilindustrien, alt innan foto og optikk, skipsindustrien og mykje meir.

Japanarane er i all hovudsak buddhistar og shintoistar. Fedredyrking er vanleg. Dei siste 50 åra har nye religionar som Soka Gakkai sett dagsens lys. Denne har 10 millionar tilhengarar.

Det er  kun vel 500 000 kristne i landet. Evangeliet har aldri fått skikkeleg grep på japanarane slik som tilfelle er med folk i Sør-Korea, og dei siste 40 åra også i Kina.

Likevel blir det meldt om ein gryande framgang fleire plassar no, og det kan me jo takka for. Ikkje minst er det grunn til å leggja merke til at 10% av japanarane ser positivt på kristendomen, og kan sjå på den som eit alternativ for seg.

Det er mange einsame menneske i Japan.

Japan er eit moderne demokratisk samfunn med høg levealder og levestandard.


  • Be om at Guds kraft skal slå ned i kyrkjelydane i Japan, fornya dei kristne og utrusta dei til å vinna landsmennene sine for Kristus. 
  • Be om at dei kristne skal leva som sanne disiplar av Jesus.
  • Be om at det skal plantast nye kyrkjelydar i alle byar og landsbyar
  • Be om einskap mellom dei truande som er splitta opp i hundrevis av ulike kyrkjesamfunn og retingar, og at dei truande må stå saman i evangeliseringa av heimlandet. 
  • Be om at dei religiøse åndskreftene skal måtta vika og  bli avvæpna i møte med Kristus
  • Be for dei mange einsame, at dei skal finna Gud og søkja inn i levande kyrkjelydar.

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...