onsdag 31. juli 2019

Kazakstan

Areal: 2 724 900 km2. Folketal: 18 mill. Hovudstad: Astana (685000). Største by er Almaty med 1,4 mill., byen der så mange verdsrekordar på skeiser vart sett frå 1960-1980.

Det er 76 ulike folkegrupper i Kazakstan. Dei største er kazakkar, russarar, uigurar, turkmenarar, uzbekarar, ukrainarar og tyskarar.

Landet strekker seg frå Kaspiahavet til Mongolia. Kaspiahavet ligg 132 meter under havet. Det høgaste fjellet i landet, Khan Tangiri Shygngy, ragar 6995 meter over havets overflate. Landsskapet er prega av enorme sletter, men i sør-aust, mot Kirgisistan, ligg dei høge Altaifjella.

I Kazakstan ligg også Baikalsjøen, verdas djupaste innsjø. Ein stor del av verdas ferske overflatevatn er å finna her. Baikalsjøen er elles kjent for å hysa ein heilt spesiell selart.

Styresett: Republikk.

Næring: Olje og gassproduksjonen i Kaspiahavet dannar ryggraden i økonomien.

Religion: Islam (70%), kristendom (26%). Dei fleste kristne er russisk ortodokse. 0,7% av befolkninga er evangeliske kristne.

Kazakstanarar flest blandar islam og shamanisme. Meir ortodoke muslimske land satsar hardt på misjon i landet fordi dei vil reinsa kazakstanarane si tru frå heidenske element. Talet på moskèar har auka kraftig på 30 år frå 46 i 1989 til sikkert over 2000 no.

Det er eit massivt rusproblem blant folk i dette landet. Tilgangen på heroin er stor og prisane er låge.

Men frå ein kristen synsstad er det kjekkare å snakka om vekkinga som no skjer mellom uzbekarane og uigurane. Mange, mange kjem til tru på Jesus, blir fylte av Anden, etablerer kyrkjelydar og sender ut misjonærar til nye byar og landsbyar. Me ser det same fenomenet her som i Mongolia, små nye kyrkjelydar begynnar å senda ut misjonærar rett etter at dei er blitt grunnlagt. Desse folka har forstått kva det handlar om.

I 2011 vart det vedteke ei ny religionslov som legg strenge restriksjonar på dei evangeliske kristne. Det er omtrent blitt umogeleg å registrera nye kyrkjelydar, og dei som samlast utan å vera registrerte risikerer blir straffa med kortare fengselsstraffer og høge bøter.
  • Be om at dette genuinet verket av Den Heilage Ande skal halda fram heilt til Jesus kjem att, og at nye kyrkjelydar skal skipast i alle lokalsamfunn, og at evangeliet skal gjennomsyra heile nasjonen og løfta han opp åndeleg, moralsk og politisk. 
  • Be om at det skal trenast opp nye leiarar som kan ta ansvar for dei truande, og leida arbeidet med å evangelisera og planta nye kyrkjelydar. 
  • 74% av dei kristne er kvinner. Be om at truande menn skal vinna nye menn for Kristus.
  • Be om at dei truande må stå saman og ha stor einskap trass i teologisk og kulturell ulikskap
  • Be om at Bibelen må bli gjort tilgjengeleg på alle levande språk. Av 43 språk føreligg Bibelen, eller deler av han på 14 (2010)
  • Takk Gud for det fantastiske hjelpearbeidet som vert gjort mellom rusmisbrukarar gjennom Agape-ministries, og be om at folk må sjå Guds godleik gjennom dette. 
  • Radiomisjon er viktig i Kazakstan. Be om at programma vert gode, enkle å finna og populære. 
  • Be om at dei truande må stå faste i den aukande forfølginga fra styresmakter, muslimske leiarar og frå familiane deira som ikkje kan akseptera den nye trua deira. 









Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...