90% av innbyggjarane på Bali er hinduistar, 7% er muslimar og 1,5% er kristne. Bakgrunnen for denne fordelinga er historisk og går attende heilt til det første hundreåret etter Kristus. Då kom indiske sjøfolk og handelsmenn til Bali og etablerte seg der, altså 500 år før islam såg dagens lys.
I Bali kombinerer dei gjerne hinduisme med okkultisme, magi og spiritisme. Det er mange som treng å bli fri frå vonde ånder som har okkupert liva deira. Pga av demoniske makter møter kristne stor motstand og dei blir regelrett forfølgde. Det er vanleg at folk misser jobben og blir gjort arvelause når dei kjem til tru på Jesus.
- Be om at dei kristne skal sjå og forstå kor viktig det er å stå tett saman.
- Be om at det skal vera eit rikt åndeleg liv i kyrkjelydane.
- Be om at dei kristne må følgja Jesus i alle ting, stort som smått.
- Be om at dei må ha god tilgang til Bibelen, og at dei flittig skal lesa han.
- Be om at dei skal leva åndsfylte kristenliv, og at under og teikn må skje når dei ber.
- Be om at dei skal ha Andens kraft til å befri folk for vonde ånder.
- Be om velsignelse over dei som forfølger dei kristne.
- Be om at forfølgarane skal møte Jesus som Herre og frelsar og bli frelste frå sine synder og innlemma i Guds familie.
- Be om at dei kristne frimodig skal vitna om Jesus for folk, og leva misjonale liv
- Be om at hinduismen skal missa makta si på Bali, og at alle skal krona Jesus som Herre for liva sine.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar