lørdag 13. juli 2019

Indonesia 3: Sundaøyane i aust

Sumba, Flores, Lembata, Alor og Vest Timor ligg i eit geologisk høgaktivt område der to jordplater møtest og bevegar seg mot kvarandre og dannar ei subduksjonssone, dvs. den eine plata blir pressa ned under den andre. Resultatet vert jordskjelv og vulkanutbrot, og alle desse øyane er, som Bali, vulkanske øyar.

Frå 1965 til 1968 gjesta Gud Vest Timor. I denne tida kom 20% av befolkninga der til tru på Jesus, og det som skjedde der var som henta rett ut frå Det nye testamentet. Forunderlege ting er å lesa om dette i boka til Kurt Koch som heiter "Vekkelsen i Indonesia". Gud gjekk på djupet med folk den gongen, og dei som vart frelste under denne vekkinga, er i stor grad blitt ståande faste i trua seinare. På 1980-talet var det ei liknande vekking på Sumba der talet på gjenfødde kristne auka frå 75000 til 160000.

Gud har også stort innpass mellom flyktningar frå Aust -Timor som lever i leirar i Vest-Timor. Omtrent alle er personleg truande bibelkristne.

Likevel: Trass i at 90% av dei som bur i området er kristne (dei aller fleste romersk katolske), praktiserer dei fleste heidenske ritualer der dei ofrar til ulike gudar. Dette bind dei til mektige åndsmakter.

Av alle dei 65 språka som folk snakkar, har berre ei handfull av dei Det nye testamentet. Men det vert arbeidd med mange nye omsetjingar, og det er grunn til å tru at når folk får Guds ord på morsmålet, vil det føra mange ut i ein ny fridom og inn i ein sunn åndeleg vekst.


  • Takk Gud for alt godt som har skjedd, og som skjer på desse øyane.
  • Be om fortgang i arbeidet med å omsetja Bibelen til dei språka som folka snakkar
  • Be om at Gud skal vidareføra og fullføra det han har begynt på her

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...