Viser innlegg med etiketten Tibet. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tibet. Vis alle innlegg

søndag 7. juli 2019

Gtsang, tibetanarar i Kina


Gtsang (Git-sung) lever i det sentrale Tibet, som forresten vart okkupert av kinesarane i 1950. Det er 764000 av dei. 1000 i diaspora. Religion: Buddhisme (lamaisme). Språk: Tibetansk. Heile Bibelen er tilgjengeleg for dei. 

Tibetanarane blir strengt overvaka av kinesarane. Under kulturrevolusjonen frå 1966 til 1974 vart all religion og religionsutøving strengt forbode. I 1979, under Deng Xiao Ping, vart det ein viss religionsfridom. Men i våre dagar, under presidenten Xi, ser me ei kraftig forverring igjen.

Gtsang lever på "verdas tak", i Himalaya med stupbratte fjell og djupe dalar og skral infrastruktur. Ikkje mange misjonærar får ideen om å reisa inn dit. 
Det er forresten ei lita gruppe truande i Gtsang-folket. 

Herre Jesus! På krossen representerte du denne folkegruppa like mykje som alle oss andre. I deg har dei full forløysing for alle sine synder, barnekår hos Gud og evig liv. Me ber, må ditt mektige frelsesverk bli gjort kjent for dei, og gjera så sterkt inntrykk på dei at dei vender om til deg av heile sitt hjarta, og kan erfara Andens mektige forvandlande verk i liva sine. Styrk dei få truande gtsangane slik at dei står sterke i alle stormar. Fyll dei med kjærleik og visdom, og utrusst dei me sterke gåver slik at dei kan introdusera Guds rike for sine eigne på nytestamentleg vis. Amen! 



tirsdag 1. mai 2018

Unådd folkeslag: Shanyan i Kina (Tibet)



Shanyan lever i svært vanskelegt tilgjengelege områder i Tibet. Dei er berre 25000 menneske, og er fullstendig neglisjert av den kristne kyrkja.
Dei er buddhistar, og har som alle andre buddhistar svært vanskeleg for å tenkja seg at verda er skapt av ein personleg, allmektig og god Gud som det går an å bli kjent med og få alt godt gratis frå.
Ingen utanforståande anar kva språk desse folka snakkar.

Kjære Far! Sjå i nåde til shanyanfolket i Kina, og lat dei gjennom modige og gode kristne få høyra om Jesus slik at dei kan læra seg å tru på han og elska han av heile sitt hjarta. Løys dei frå buddhismen sine løgner, og lat dei få erfara gleda ved di tilgjeving og krafta i Den Heilage Ande. Amen!

Legg til bildetekst

søndag 16. juli 2017

Dagens unådde: Amdo, Kina


Amdo tel 727000 menneske, og er å finna i Tibet. Tibet er okkupert av Kina, og gjennom historia har Amdo ytt kraftig motstand. Over 50000 av dei har tapt livet i konfrontasjonar, 150000 har svolte i hel pga undertrykking og vanstyre. 

Det er fire ulike amdogrupper. Hbrogpa er der største. 

Amdo er seminomadar. Dei snakkar 4 ulike språk med mange ulike dialektar. 

Fredsprisvinnar Dalai Lama er amdo. 

Religion: Buddhisme. 
Det har vore drive misjonsarbeid i amdofolket før 1949, og det har, i følgje Paul Hattaway i Asia Harvest, vore rapportar om at det enno finst kristne amboar, men inga kyrkje.

Det er kvinnene som held samfunnet saman. Mennene er i stor grad henfalne til alkohol og andre rusmidlar. 

Analfabetismen er høg. 

Amdo må i dag reknast som ein av dei minst nådde folkeslaga i verda. Dei lever i eit djupt åndelege mørker og er lenkebunde av djevelen. 

Far i himmelen! Hjelp dei truande i amdofolket om å halda saman i tette fellesskap, og leva som sanne disiplar av Jesus Kristus. Lat dei he god tilgang på ditt ord, og kall kyndige folk til å gjera naudsynt bibeloversettingsarbeid i dette folket. Gje kyrkja åndelege leiarar med gode kvalitetar, og fyll dei og utrust dei med Andens mektige kraft slik at dei truande amdoane er prega av at himmelen er i dei og mellom dei. I Jesu namn. Amen!







mandag 5. juni 2017

Zhugqu i Tibet


 Zhugqufolket i Tibet utgjer i følgje joshuaproject.net  48000 menneske. Dei flykta inn i fjellheimen frå krig og redsler under det kinesiske Songdynastiet på 1100-talet. Zhugqu bur i bratte skrentar der terrassegolvet utanfor eitt hus er taket i naboen sitt. Når det gjeld tru og religion, blandar dei buddhisme og polyteisme. Særleg dyrkar dei guden over dei store fjella. Dette folket er totalt unådd. Språket deira heiter kham. Bibeloversetting eksisterer ikkje. Ingen zhugqut veit at Jesus nokon gong har levd, ei heller at det finst noko som heiter kristendom i verda.

Gode Gud og Far for alt som vert kalla barn i himmel og på jord. Du elskar alle desse bortkomne sauene av ditt hus. Dei ligg deg på hjarta. Legg dei også på våre. Send arbeidarar ut til din haust i zugqufolket. Herre Jesus Kristus! Du har teke bort syndene deira ein gong for alle. Må dette bli kunngjort for dei slik at dei kan venda om og koma til Far utan kjensle av skam eller skuld. Heilag Ande! Du som gjev liv, kraft og glede til alle menneske. Kom til zugqufolket. Opplys dei, kall dei, døyp dei, fyll dei med deg sjølv og gje dei nytt liv ved trua på Jesus Kristus. Løys dei frå demoniske makter som held dei bundne i mørke hol. Før dei ut i dagen, slik at dei kan fryda og gleda seg i Gud. Amen!



Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...