søndag 14. juli 2019

Iran 1

Areal: 1648196 km2. Folketal: 83 024 745 (juli 2018) fordelt på 100 etniske grupper. Det er flest persarar naturlegvis (vel 52%), men også vel 25% tyrkarar (for det meste aserbadjanarar) samt 6% kurdarar. Det blir snakka 79 språk i Iran. Av desse har 4 heile Bibelen tilgjengeleg. 14 andre har NT eller deler av Bibelen. Det nasjonale språket er farsi (persisk). Om lag 4 millionar iranarar lever i land utanfor Iran, dei fleste som flyktningar.

Hovudstad er Teheran med over 7 millionar innbyggjarar.

Iran var i historisk tid ei politisk, religiøs og kulturell stormakt, og alle bibellesarar kjenner namn som Kyros, Dareios og Atarxerxses, kongar som erobra store landområder og gjorde Persia til ei verdsmakt. Denne stordomstida lever i folks minne den dag i dag, og formar måten dei tenkjer om seg sjølv på.

Iran vart islamisert på 600-talet, heilt i religionens barndom, og er i dag senteret for sjiaislam, den nest største retningen innan islam. Sjia står i ein gamal og uforsonleg strid med sunni, som er den største retninga. Striden mellom sjia og sunni materialiserar seg som ein strid mellom Saudi Arabia og Iran, og det meste av det som skjer av krigar og konfliktar i Midt-Austen, går langs denne aksen, som t.d. dagens krig i Jemen. Iran blir rekna for å vera ei kraft i den bølgja av terror me har sett i verda dei siste åra.

Etter den islamske revolusjonen i 1979 som innførte prestestyre og eit islamsk religiøst diktatur i landet,  har Iran lege i bitter strid med USA, og til dels heile vesten. Landet har eit omfattande atomprogram. Dei har som mål å skaffa seg kjernevåpen så fort som dei kan, noko som har resultert i ein omfattande økonomisk blokkade frå USA si side.  Akkurat no toppar det seg i Persiabukta. Iran har fysisk gått til åtak på tankskip som seiler gjennom Hormusstredet med olje til vestlege land, og store amerikanske og britiske marinestyrkar samlar seg no for å verna skipsfarten, og situasjonen kan utvikla seg til storkrig.  Det kan bli apokalyptisk.

Iran har også som uttalt politikk å utsletta staten Israel. Etter deira syn ligg verdas einaste jødestat  som ein skamplett på muslimsk kjerneområde. Det er utåleleg, og Israel må bort. Det at iranarane er så hissige på å utvikla atomvåpen må sjåast i denne samanhengen.

Over 98% av befolkninga er muslimar.
Offisielt er 0,55% kristne.
Kyrkja i Iran er langt eldre enn islam, men dei små historiske ortodokse kyrkjene er gjerne introverte, og har ikkje anna mål med det dei held på med enn å ta vare på det dei har.

Parallelt føregår det ei evangelisk vekkjing i landet med dimensjonar langt større enn det me nokon gong har sett i vår tid. Dei mest spennande forteljingane om kva som skjer i Guds kyrkje i verda i dag kjem frå Iran. Huskyrkjene veks med 22% kvart år, og sjølv om dei i tal er små sett i den store samanhengen, er det som skjer med dei så omfattande at det muslimske presteskapet stadig går ut og åtvarar folk mot å slutta seg til dei kristne, som dei framstiller som ein nasjonal tryggleiksrisiko.

Forfølginga av dei evangelisk kristne i Iran er intens, og rundt 3-400 av dei er til eikvar tid å finna i iranske fengsel, og det siste året har lengda på fengselsstraffen auka til det doble, gjerne frå fem til ti år.  Landet ligg på 5. plass på Åpne Dører si World Watch List.

Gud har tydelegvis ein eigen agenda med iranarane i vår tid, og me ser at flyktningar frå Iran er desillusjonerte på vegne av islam, og ingen er så lette å vinna for Kristus som desse. Mange opplever å møta Jesus i syner og draumar.  I Kristkyrkja på Stord har me døypt mange iranarar, og me har sett ringverknadar av vårt arbeid også har spreidd seg til Iran.

Dei økonomiske sanksjonane mot landet har stor effekt, og vanlege folk har lite å rutta med. Dei kjempar for å få endane til å møtast. Dette har resultert i fleire håplause demonstrasjonar dei siste åra som raskt er blitt knuste av styresmaktene.

Ein stor prosent av menneska i Iran er stoffavhengige. Heroinmisbruket er omfattande og øydelegg mange familiar.

  • Takk Gud for alle som i desse dagar kjem til tru på Jesus i Iran. 
  • Be om at dei skal ha Guds fred i hjarto sine midt i fiendeland.
  • Be om at vekkjinga i Iran skal gå fram med uforminska kraft
  • Be om at alle nye kristne skal bli grunnfesta i Gud og forsvarleg disippelgjort
  • Be om at dei truande skal ha tilgang på nok biblar
  • Be om at landet skal bli totalt forvandla av Guds kjærleik, og av evangeliet om Jesus skal finna sin veg til kvar einaste avkrok av landet, og at folk overalt skal læra seg å elska Han som døydde for oss og stod opp for oss. 
  • Be om at prestestyret skal falla
  • Be om at iranarar må læra seg å elska Israel og det jødiske folket, og vera takksame for den arven verda har fått gjennom Israel  (Jesus og Bibelen). 
  • Be om at Iran skal gje opp atomprogrammet sitt, at konflikten med USA skal leggja seg, og sanksjonane mot landet lettast. 
  • Be om at vanlege folk i Iran skal finna fram til evangeliske TV-sendingar. Mange kristne eksiliranarar jobbar med å laga TV-program på farsi som dei sender på satelitt, og stadig finn folk i Iran Jesus gjennom desse programma. 
  • Be om at folk som slit med rus skal få erfara at Jesus kjem og lækjer dei og set dei i fridom og fyller liva deira med kjærleik og meining. 

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Stord kommune

D et er økonomisk vanskelege tider i Stord. Leiinga fortel om store uføresette utgifter som har kome på, og som vil få avgiftsnivået til å s...