Lematang lever på Sumatra. Befolkninga er på 305000 menneske. Dei er muslimar, og snakkar eit språk som heiter musi. Ingen deler av Bibelen er tilgjengeleg på dette språket. 0,3% av dei er kristne.
Lematang vert beskrive som eit gjestfritt og venleg folk. Dei er sterke på fellesskap, og svært hjelpsame overfor nabofolk. Sjølv om dei er muslimar, held dei fast på mange av dei mystiske og magiske tinga dei trudde på før islam kom til Indonesia.
Herre, du som dreg omsorg for dei trengande og fattige, og frelser alle som ropar til deg. Kom med ditt ord og di frelse i Jesus Kristus til Lematangfolket i Indonesia. Opplys dei og hjelp dei å forstå at dei ikkje kan frelsa seg sjølv med gode gjerningar, men at dei må tru på Jesus og hans fullførte frelsesverk. Så ber me om at Bibelen snart også må bli omsett til musi. Styrk og fyll dei kristne i folket, lat dei stå tett saman slik at dei vera eit fellesskap som du kan utrusta og bruka til frelse for alle. Hjelp dei å forstå at du er ein gjestfri Gud som inviterer dei til ditt hus, og at Jesus er døra dei må gå inn gjennom. Amen!