Yinuo tilhøyrer ein større cluster kalla Nosu. Yinuo tel 654 000 menneske som bur i utilgjengelege fjellområder i Sichuan. Dei snakkar nuosu, og heile Bibelen vart tilgjengeleg på språket deira i 2016.
Yinuo har sin eigen religion. I deira historie er det ei forteljing om ein storflaum som tok livet av alle som ikkje hadde teke sin tilflukt i båten som den rettferdige Dum hadde bygd. Likskapen med Noaforteljinga er påfallande. Få kristne har freista å nå Yinuofolket, og berre 0,05% av dei er kristne. Det utgjer 300 menneske.
Yinuo er berykta for sin aggressive mentalitet, og har gjennom hundreåra vore eit krigersk folk med mange slavar.
Kjære Herre Jesus, du som kom for å skapa fred mellom oss og Gud, mellom oss menneske og i oss menneske, gjer deg kjent for yinuofolket og gje dei din fred. Lat dei få møta deg i Bibelen, og bli gripne av alle dei like trekka det er mellom deira eigne forteljingar og dine. Smelta hjarto deira ved din Ande og frels dei alle saman inn i ditt rike. Lat dei kristne mellom dei halda saman i tette fellesskap, leva som dine sanne disiplar og vera tydelege og klåre Kristuslys mellom sine eigne. Me ber i Jesu namn, amen!
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Allmektige, gode Gud! Sjå i nåde til alle i det jødiske samfunnet i Australia som i dag vart utsette for terror under feiring av Hanukkah. T...
-
Sør-Korea har eit folketal på 56,6 millionar. 31% er i følgje Operation World kristne. 16,8% er evangeliske. Den enorme kyrkjeveksten som v...
-
Politiet i Nakhitsjevan hadde ei tid overvaka eit hus i der kristne møttest. Ein søndag i april storma så rundt 20 politifolk eit søndag...
-
Ein reknar med at 100 000 kristne er plasserte arbeids- eller konsentrasjonsleirer i Nord-Korea. Ingen kjem levande ut. Be om Guds mektige...


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar