Denne folkegruppa tel mellom 5 og 6 millionar menneske, og snakkar minangkabau. Dei bur vestsida av Sumatra, og er den fjerde største folkegruppa i Indonesia. Dei er svært stolte over kulturen og tradisjonen sin, og tek vel vare på den. Dei er i noko mun matriarkalske, og slektstavla fylgjer linja frå mor til dotter, men det er bror til mora som merkeleg nok sit med det øvste ansvaret for familien. "Å vera ein minagkabau er å vera ein muslim," seir dei. Dersom nokon konverterer til ein annan religion, vert dei ekskluderte frå familien. Dei er enno underutvikla, men dei har hatt større suksess i industri og handel enn andre indonesiske folk.
Bøn: "Gode Gud og Far! Du har skapt minangkabaufolket for at dei skal leva som dine barn, og for at dei skal æra deg med liva sine. Løys dei frå alle falske religiøse førestellingar og tradisjonar, og set dei fri frå islams lenker og djevelens makt. Aus din Ande over dei, tal til dei gjennom draumar og visjonar og lat under og tegn skje mellom dei. Send dine tenarar til dei for å å forkynna Kristus for dei på deira eige språk, lat dei få sjå sin fortapte tilstand og driv dei til Jesu Kristi kors. Lat det veksa fram ei levedyktig og vital kyrkje i dette folket som kan føra frendane sine inn i din familie. Amen!"
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar