Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
mandag 5. juni 2017
Zhugqu i Tibet
Zhugqufolket i Tibet utgjer i følgje joshuaproject.net 48000 menneske. Dei flykta inn i fjellheimen frå krig og redsler under det kinesiske Songdynastiet på 1100-talet. Zhugqu bur i bratte skrentar der terrassegolvet utanfor eitt hus er taket i naboen sitt. Når det gjeld tru og religion, blandar dei buddhisme og polyteisme. Særleg dyrkar dei guden over dei store fjella. Dette folket er totalt unådd. Språket deira heiter kham. Bibeloversetting eksisterer ikkje. Ingen zhugqut veit at Jesus nokon gong har levd, ei heller at det finst noko som heiter kristendom i verda.
Gode Gud og Far for alt som vert kalla barn i himmel og på jord. Du elskar alle desse bortkomne sauene av ditt hus. Dei ligg deg på hjarta. Legg dei også på våre. Send arbeidarar ut til din haust i zugqufolket. Herre Jesus Kristus! Du har teke bort syndene deira ein gong for alle. Må dette bli kunngjort for dei slik at dei kan venda om og koma til Far utan kjensle av skam eller skuld. Heilag Ande! Du som gjev liv, kraft og glede til alle menneske. Kom til zugqufolket. Opplys dei, kall dei, døyp dei, fyll dei med deg sjølv og gje dei nytt liv ved trua på Jesus Kristus. Løys dei frå demoniske makter som held dei bundne i mørke hol. Før dei ut i dagen, slik at dei kan fryda og gleda seg i Gud. Amen!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Allmektige, gode Gud! Sjå i nåde til alle i det jødiske samfunnet i Australia som i dag vart utsette for terror under feiring av Hanukkah. T...
-
Sør-Korea har eit folketal på 56,6 millionar. 31% er i følgje Operation World kristne. 16,8% er evangeliske. Den enorme kyrkjeveksten som v...
-
Politiet i Nakhitsjevan hadde ei tid overvaka eit hus i der kristne møttest. Ein søndag i april storma så rundt 20 politifolk eit søndag...
-
Ein reknar med at 100 000 kristne er plasserte arbeids- eller konsentrasjonsleirer i Nord-Korea. Ingen kjem levande ut. Be om Guds mektige...


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar