Kol i India er ei hinduistisk folkegruppe som som tel 2 273 000 menneske. Dei snakkar hindi, og har dermed tilgang på heile Bibelen. Like fullt må dei reknast som unådde då det er mindre enn 0,1% kristne mellom dei. Kol er lågkastefolk med slett rykte på seg, utfattige, uutdanna, brutale og aggressive. Dei lever av å selja ved og drivstoff. Av alle dei mange hinuistiske gudane, tilber kol familiegudar som Birmidevi og Simoridevi, dessutan nokre regionale gudar.
Gode allmektige Gud! Må kolfolket bli løyst frå synda, dødens og djevelens makt. Send dine tenarar med ditt lys til dei, det lyset som spreier det tette mørkret dei lever i. Må det koma nye tider til dette folket. Må du sigra i liva deira fylla dei med din kjærleik. Motiver dei til å læra seg lese og skrivekunsten, slik at dei kan lesa i Bibelen og finna deg i ditt ord. Må det skjer store og mektige under med dette folket, og må dei bli ståande som eit føredøme i India om kva du er god for i fortapte menneskes liv. I Jesu namn. Amen!
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Allmektige, gode Gud! Sjå i nåde til alle i det jødiske samfunnet i Australia som i dag vart utsette for terror under feiring av Hanukkah. T...
-
Sør-Korea har eit folketal på 56,6 millionar. 31% er i følgje Operation World kristne. 16,8% er evangeliske. Den enorme kyrkjeveksten som v...
-
Politiet i Nakhitsjevan hadde ei tid overvaka eit hus i der kristne møttest. Ein søndag i april storma så rundt 20 politifolk eit søndag...
-
Ein reknar med at 100 000 kristne er plasserte arbeids- eller konsentrasjonsleirer i Nord-Korea. Ingen kjem levande ut. Be om Guds mektige...


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar