mandag 5. juni 2017

Kristen pakistansk kloakkarbeidar omkom etter arbeidsulukke. Muslimske legar nekta å undersøka og behandla han.



Irfan Masih var kloakkarbeidar i Sindh, 300 km frå hamnebyen Karachi. I Pakistan er det kristne av låg kaste som har slike jobbar.  Irfan og arbeidslaget hans skulle opna eit tett røyr. Dette hende 1.juni. Giftige gassar seiv imidlertid ut i kommen dei jobba i. Alle tre fall i koma, men vart berga opp av ein fjerde person før dei vart sende til sjukehus, men ingen ville ta i dei før dei var vaska reine. Grunngjevinga var at legane fasta, det er Ramadan for tida, og at dei ved å røra ved ureine kristne, meinte at verdien av fasta vart forringa. I alle fall. Irfan Masih fekk ikkje den behandlinga han skulle ha tidsnok, og døydde. Legane er no melde til politiet, og det er retta sak mot dei for tenesteforsøming.

Kristne i Pakistan vert sett på som annanrangs borgarar og er utsette for religiøs apartheid. I mange situasjonar er dei heilt rettslause.

Irfan Masih hadde ikkje eigen familie. Han budde heime hos foreldra sine. Han vart 35 år gamal.

Gode Gud og Far! Gje foreldra til Irfan Masih all den trøyst dei treng i sorga etter sonen sin. Kom med ditt nærvær til dei. Fyll dei med fred! Styrk dei mektig med Anden din. Hald dei oppe med di rettferds høgre hand. Gje dei alt dei treng av livsnaudsynte ting. Må dei legane som forsømte seg bli stilt til ansvar og straffa for dette. Vidare ber om at diskrimineringa og forfølginga av kristne i dette landet skal ta slutt, og at alle menneske skal ha like rettar i dette landet. Styrk kyrkja di i Pakistan, fyll henne med din Ande og gjer henne heilt uimotståeleg, erobrande og sigrande. Amen!

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...