mandag 14. juli 2014

Iran

Kart over جمهوری اسلامی ايرانJomhūrī-ye Eslāmī-ye Īrān

Denne strengt shiamuslimske staten med ein så lang og ærerike historie, har eit folketal på over 75 millionar menneske. Etter den islamske revolusjonen i 1979, har det vore strengt forbode å konvertera til kristen tru. Berre dei tradisjonelle armenske kristne har rett til å driva kristent arbeid, men ikkje retta mot muslimar. Men trass i dette: INGEN PLASSAR I VERDA HAR DEN EVANGELISKE KYRKJA SÅ STOR PROSENTVIS VEKST SOM I IRAN. Dette er berre eit av Guds store og vidunderlege mirakel i vår tid. Gud har ein eigen agenda med det iranske folket no. Desillusjonerte av brotne lovnadar frå ayatollaher, imamar og mullaher vender dei seg i tusental til Kristus. Det skjer i Iran, og med dei mange millionar iranarane som lever i eksil. (Også i Kristkyrkja på Stord har me fått gleda av å døypa fleire iranarar). Men forfølginga er skarp og brutal. Mange pastorar sit i fengsel med dommar på opp til 8 år. Deriblant Saeed Abedini som er amerikansk statsborgar. Andre som kan nemnast er Farshi Fathi og Behnam Irani. Sistnemnde og Abedini er forresten svært sjuke etter lang tids brutal tortur.

Bøn:
Herre Jesus! Me takkar deg for dine under i Iran, og for den kyrkja av brennande kristne som du er i ferd med å byggja opp i denne nasjonen. Takk at du held auga med mektige motstandarar, og at dei ikkje kan gjera meir mot dine enn det du bestemmer. Må dine barn i Iran med kløkt og frimod lova ditt namn, tala om din stordom, forkynna din godleik og kunngjera dine gjerningar for sine medmenneske. Må evangeliet bre seg frå sjel til sjel med stor fart, og me ber om at alle som blir vunne for Kristus også blir fostra som disiplar som ser på seg sjølve som menneskefiskarar. Sjå til alle dine som lid overlast og sit fengsel. Vern liv og helse, og gje dei i din time fridomen attende. Me ber i Jesu namn. Amen!

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...