fredag 25. juli 2014

Siste frå Matyrkyrkja


I går kom den kristne sudanesiske kvinna Meriam Ibrahim med mann og barn til Roma. Meriam var dømt til døden i Sudan for å ha konvertert til kristendomen. Men massive prostestar og bøner frå kristne over heile verda snudde saka. Takk Gud for denne vendinga.

I Juni vart 4 ukrainske baptistar i Slevjansk myrda av prorussiske opprørarar. Dei vart bortførte under ei gudsteneste, og seinare vart funne i ei massegrav. Berre den russisk ortodokse kyrkja er lovleg i opprørarane sine auge. Be om vern for alle evangeliske kristne i aust-Ukraina. Mange er no på flukt.

ISIL har no jaga alle kristne ut av den irakiske byen Mosul, og dei har okkupert eit eldgamalt kloster fullt av gamle verdfulle kristne manuskript. Dei kristne i Mosul fekk beskjed om anten å døy, eller gå over til islam. eit tredje alternativ var å betala skyhøge beskyttelsespengar. ISIL går fram med ein brutalitet som set sjølvaste Al Qaida i skuggen.

11 av foreldra til dei 200 nigerianske jentene som vart kidnappa av Boko Haram for 100 dagar sidan, har døydd av hjarteinfarkt eller andre stressrealterte lidingar i samband med tapet av sine kjære.

Siste: To kristne finske hjelearbeidarar er blitt drepne i Afghanistan. 

Kjære Jesus! Takk for ei endeleg løysing når det gjeld Meriam og hennar familie. Di er æra. Så må du sjå i nåde og verna dei evangelisk kristne i aust-Ukraina, dine barn i Irak og dei 200 kidnappa jentene i Nigeria og familiane deira. Me ber om forvirring og nederlag for ISIL og Boko Haram, og at du skal leida dei som leitar etter dei bortkomne jentene i Nigeria slik at dei finn fram til plassen der dei blir haldne fanga. Må du trøysta og styrka alle dei som sto dei finske hjelpearbeidarane nært. Må ditt rike gå fram og rettferda sigra i Sudan, Irak, Ukraina, Afghanistan og i Nigeria. Amen!

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...