tirsdag 22. juli 2014

Italia


Italia har ei overlag rik og herleg fordtid, og er det landet som saman med Israel og Hellas, meir enn noko anna land har forma den vestlege kulturen. 
Romarriket var i si tid historias lengslevande verdsrike, og fostra store tenkjara, politikarar, diktarar og kunstnarar i fleng. I farten nemner eg Julius Cæsar, Seneca, Cicero og Virgil. I Italia utvikla latin seg som det internasjonale vitskapsspråket. Det skal vera framifrå å uttrykka seg eksakt på.
Italia er også renesanssen  sitt heimland. Her levde og verka Franz av Assisi, Dominicus, Dante Aligiheri,  Leonardo da Vinci, Galileo Galilei, Michelangelo, Savonarola og litt seinare komponistar som Monteverdi (operaens far), Puccini og  Antonio Vivaldi. Kor mykje me har å takka Italia for. Den som i dag  vil oppleva storslagen kunst og arkitektur, reiser gjerne til Italia, Roma eller Toscana (med Firenze).
Av dei store kyrkjefedrane frå antikken som kom frå Italia nemner eg Hieronimus, Ambrosius og i nokon grad også Augustin.
Men det moderne Italia er også heimlandet til fascismen (Benito Mussolini) og mafiaen, og fordi landet dei siste åra, uner Berlusconi, har lidd under eit forferdeleg vanstyre, vart italienarane tungt råka av finanskrisa i 2008. Landet er gjennomsyra av korrupsjon og økonomisk kriminalitet. Forbrytarorganisasjonane har vevd seg langt inn i det politiske systemet.
Det er prisverdig at pave Franz no prøver å ta eit oppgjer med dette uvesenet.
Elles er landet eitt av G7-landa, og er høgt industrialisert, særleg i nord.
Det bur vel 60 millionar menneske i Italia, men talet på italienarar søkk. Italienske kvinner føder berre i snitt 1,2 barn kvar.
Italienarane er naturlegvis katolikkar. 1% er protestantar og evangelisk kristne.

Gode Gud! Me ber i dag for dei mange millionar italienarar som er lukke inne i falske førestellingar om at dei kan vera frelste utan å elska og tena Jesus, om at du vekker dei opp av den åndelege søvnen og gjev dei ei sann og levande tru. I tidlegare tider sende du mektige profetar som Savonarola til denne nasjonen. Gjer det igjen. Må dei få møta deg gjennom eit mektig ord frå himmelen som kløyver ånd, sjel marg og bein, og som dømer hjartans tankar og råd, og som gjev dei sann omvending til Livet. Må Paulus brev til romarane igjen bli populært lesestoff i dette landet, og få bestemma retningen på folks tru, tanke og lisvførsel. Me ber i Jesu namn, amen.

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...