lørdag 19. juli 2014

Irland


Irland har vel 5 millionar innbyggjarar, og har ein ærerik kristen historie. Landet vart kristna rundt år 400 e.Kr av St. Patrick (ei særeigen soge du gjerne kan lesa om på Wikipedia), og i Middelalderen var det irske, keltiske munkar som misjonerte Nord-Europa. Seinare vart landet grovt undertrykt av norske vikingar og seinare (i 700 år) av England. Oppnådde sjølvstende i 1921. Landet er i dag i all hovudsak katolsk, men ei sterk evangelisk rørsle veks fram i landet og tilfører kristenlivet nye friske impulsar. Den katolske kyrkja er i tilbakegang, og incestskandalane som er avslørte den siste tida har brote ned folks tiltru til kyrkja. I dag vert det ordinert få nye katolske prestar. Økonomisk vekst på 90-talet og tidleg 2000-talet, kollapsa i 2008-09 då bustadbobla sprakk. Det førte til økonomisk nedgangstider. No er det betring å spora.

Kjære Jesus! Me takkar deg for alt Irland har betydd for kristninga av Europa. No ber me om at det skal koma nytt liv i gamle røter. Reis opp kyrkja di i landet, og før presteskapet til reell omvending og djup sjølverkjenning vedrørande dei seksuelle skandalane som har skjedd. Må religiøsiteten bli erstatta med sant åndeleg liv. Må folk sjå forbi kyrkja og oppdaga Deg og det behovet dei sjølve har for frelse og lækjedom. Aus Anden din utover dine truande i Irland og over alle menneske, og gjenoppliv misjonskallet som du har lagt på denne nasjonen. Gje også landet ein sunn og oppegåande økonomi, vern barn og unge mot svik og skade og før dei på dine gode vegar.  Amen! 

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...