Fjellstaten Uttarakhand vart sjølvstendig i år 2000. Dei som bur her, 10 millionar menneske, snakkar kumaoni og garwahali, eigne indoeuropeiske språk. Det er 0,6% kristne uttarakhandarar. Religion, tradisjon, åndsmakter og kastesystemet reiser seg som store barrierar som hindrar evangeliet å bryta gjennom i folks liv. Dei meiner dei har fått som oppgåve i verda å syna folk vegen til gudane. Høgt åndeleg sjølvmedvit er ikkje så bra med tanke på å ta imot Guds frelse i Jesus Kristus. Det rår stor grad av religionsfridom, og det er både teologiske seminar og bibelskular der.
Bøn:
Å Herre Jesus, du som elskar menneska i Uttrarakhand, og som bar syndene deira med deg opp på krossen, du som sonte dei med ditt eige dyrebare blod, og som lengtar etter menneska som ei mor etter sitt bortkomne barn. Å Herre, send arbeidarar ut til din haust i Uttarakhand. Fyll dine utsendingar med den kjærleiken du har for menneska, og utrust dei med dine nådegåver slik at dei kan dela evangeliet med autoritet og varme. Smelt ned alle barrierar som reiser seg mellom uttarakhandarane og deg slik at dei ser sanninga, kvittar seg med syndene sine i ditt namn og uhindra strøymer inn i ditt rike, og lat dei bli ei folkegruppe som verkeleg kan syna menneska vegen attende til Gud. Amen!
Nanda Devi er Inidas høgste fjell, 7816 moh. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar