søndag 20. juli 2014

Israel



Den moderne jødiske staten vart etablert i 1948 som eit resulatat av mange års innvandring av jødar som flykta frå pogromar i Europa, og av Holocaust under den andre verdskrigen. I lys av Bibelen ser mange på staten Israel som ein del oppfylling av profetiske ord i Esekiel 20,32-34 og 36,16-24, samt kapittel 37 om dei døde bein i dalen. Dette er også min posisjon: Israel er eit guddommeleg mirakel, og jødane er Guds utvalde folk.
I Israel er interessa for evangeliet sterkt aukande, og det blir stadig etablert nye messianske kyrkjelydar i landet, slik også mellom jødane i diaspora. I følgje Romarbrevet 11 skal ein dag heile Israel bli frelst. Og i Apostelgjerningane 3,20 les me at Jesus skal koma attendetil vår verd når jødefolket ein dag vender om frå syndene sine. Denne sentrale posisjonen i Guds historie gjer Israel til eit utpeikt mål for djevelens gjerningar. Det ser ut til at krig, hat, terror, motstand og utslettingsforsøk er ting dei må leva med fram til den store vekkingstida som skal koma over heile Midt-Austen (Jesaja 19,18-25). I dag er det 7,2 millionar menneske i dette vesle landet (ikkje større enn Hedmark fylke), og berre 0,5% av dei er kristne, dei fleste av arabisk opphav. Operation World 2011 reknar med vel 12000 messianske kristne jødar. Konflikten mellom jødar og palestinarar er smertefull og fastlåst. Men kristne jødar og palestinarar går no, gjennom National Evangelical Commitee, i spissen for forsoning mellom dei to folkegruppene. Det som skjer er omtala som "ein stille revolusjon". Les meir i Operation World 2011 side 478-481

Vår Herre Jesu Kristi Far, Israels Gud! Israelsfolket er din augnestein. Dei er elska for fedrane si skuld, og du har halde handa di nådig over dei, og ført dei gjennom mange naudsår i diaspora og attende til det landet du gav Abraham, Jakob og Isak. Openberra Sonen din, Jesus, for dei enno ein gong. Må dei få sjå at det var for deira skuld han vart krossfesta, at det var deira synder han bar, at straffa låg på han for at dei skulle få fred, at dei ved hans sår har fått lækjedom. Må dei forstå at dei ikkje kan bli rettferdige for deg gjennom lovgjerningar, men berre ved tru på han som du kallar "Herren, vår rettferd." Gje dei også å forstå at deira unike livskall er å bringa din nåde og herlegdom ut til til alle folkeslag på jorda, at dei er utvalde ikkje for si eiga skuld, men for di skuld og for den fortapte verda si skuld. Miskunna deg over dei, i Jesu namn, amen.

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...