Viser innlegg med etiketten sentral-Asia. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sentral-Asia. Vis alle innlegg

lørdag 15. april 2017

Dagens unådde: Wakhi i Tadjikistan

Wahkifolket lever over eit stort område i Sentral-Asia. 33000 av dei i Tadjikistan. Dei er shiamuslimar og animistar. Deler av Bibelen er omsett til språket deira. Det er ingen kjende kristne frå dette folket.

Gode Far!
Også wakhifolket skal vera representert framfor din kongstol i himmelen, og me ber om at dine fredsbod skal nå fram til dei og gje dei evangeliet på ein måte som rører hjarta deira og openberrar Jesus som verdas frelsar for dei. Aus Anden din ut over dei slik at dei forstår at dei er syndarar som treng Jesu frelse, og skaper i dei ein djup kjærleik til Jesus og hans ord og grunnleggja ei varm, levande og kraftfull wakhikyrkje. Lat riket ditt koma til dei og din vilje skje i liva deira slik som han skjer i himmelen. Amen!

 

søndag 27. juli 2014

Kazakhstan


Kazakhstan er med eit flatemål på 2,7 mill kv.km. det 9. største landet i verda. Det bur om lag 16 mill menneske der, 3,5 millionar kazakhar bur i andre land. Over 65 % av befolkningar er tyrkarar (tyrkarane i Tyrkia kom frå sentral-Asia seint på 1200-talet), resten er stort sett russarar. Enorme olje og mineralressursar har gjeve landet ein enorm økonomisk vekst dei siste tiåra. 53,7% av befolkninga er muslimar. Dette er "folkeislam" iblanda shamanisme.  33% ikkje-religiøse medan 13% er kristne, dei aller fleste ortodokse. 0,8% er protestantar. Stadig strengare religionslover har resultert i tilfelle av forfølging av evangeliske kristne. Likevel har det vore ein bemerkelsesverdig stor vekst mellom desse frå null i 1990 til 15000 i 2010. Dei profiterer mykje på einskap mellom dei truande og effektiv nettverkbygging.

Kjære, gode Jesus! Me takkar deg for det gode du er i gong med i Kazakhstan, og at du vil fullføra ditt verk i dette landet heilt til du kjem att i herlegdom for å døma levande og døde. Må du vakta dei truande mot materialisme og begjær. Styrk dei mektig med din Ande slik at din karakter og di kraft kjem til uttrykk i liva deira. Hald motet oppe hos dei når dei får vanskar med styresmaktene, og må dei akta det for ei glede når dei må lida for deg. Må alle som bur i Kazakhstan få evangeliet presentert for seg på ein slik måta at dei har ein reell sjanse til å seia ja til deg og nei til synda og djevelen. Me ber i ditt namn. Amen!
Kazakhstan kan by på høge fjell og vakker natur.


Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...