Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
onsdag 23. juli 2014
12 år i fengsel for kinesisk pastor
Persecution.net melder at pastor Zhang Shaojie i Nanlekyrkja i Kina er dømt til 12 års fengsel samt til å betala ei bot på 100 000 yuan. Han vart arrestert saman med 8 andre i november 2013 for å ha forstyrra lov og orden (dvs halde kristent møte). Tre av dei er sette fri. Pastor Zhang er den første som har fått domen forkynt.
Kjære Jesus! Du bar krossen din, og utfordrar oss andre til å gjera det same. Me ber for pastor Zhang at han skal gleda seg over å få lida for di skuld, og at han i fangenskapet skal få erfara ditt kjærlege nærvær på heilt spesielle måtar. Må han få vera eit lys for medfangar og fangevaktarar, føra dei til personleg tru og gjera fengselet han sit i om til ein Herrens katedral. Takk at du har full kontroll over hans situasjon, og at han i din time vil bli sett fri. Ver med familien hans og gje dei alt dei treng for kropp, sjel og ånd. Må også kyrkjelyden hans finna gode folk som kan erstatta pastor Zhang i den daglege tenesta. Amen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Terroraåtak i Magdeburg i Tyskland
Som sikkert alle har fått med seg har ein saudiarabisk lege i Tyskland valt å køyra full fart med bil inn i ein julemarknad full av folk....
-
Kjelder: CIA World Factbook. Pray for the world (Patrick Johnstone) Folketal: 31 304 016 (juli 2016) 912 050 km2. 52,1 % regnskog. 3,1%...
-
I Pakistan bur det 189 millionar innbyggjarar fordelt på 393 folkegrupper. Det blir snakka 77 ulike språk i landet. Islam er den domineran...
-
Den ugandiske evangelisten Richard Malinga (36) vart drepen av den 17.juni medan han forkynte Guds ord for muslimar aust i landet. Han var p...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar