Tripura er ein liten stat som ligg nesten som ein enklave inn i det austlege Bangladesh. Han er berre 10 500 kv.km. i flatemål, og folketalet er på 3 650 000 (1012) fordelt på 284 folkegrupper. Ulovlege immigrantar frå Bangladesh er i stort fleirtal. 5,5% er kristne. 85,6% er hinduar, 8% muslimar og 3,1% buddhistar. Det er stor spenning mellom ulike folkegrupper, og det har vore mange trefningar. Dei kristne er å finna mellom dei opprinnelege innbyggjarane. Dei bengalske innflyttarane er omtrent heilt unådde. Dei tilber gjerne den populære gudinna Tripura Sundari. Detnne tilbedinga er ein del av shaktismen. Stadig er kristne utsette for forfølging og diskriminering i Tripura.
Bøn:
Gode Gud! Hjelp dei kristne i Tripura å leva reint og konsistent midt i dei vanskane som dei er utsette for, og hjelp dei å elska kvarandre, søkjer saman i tette fellesskap og ta vare på den kristne einskapen. Hald visjonen om å vinna heile Tripura for Kristus levande hos dei, og utrust dei til å vera kraftfulle og effektive vitne om Jesus og hans frelse i kvardagen sin. Styrk Tripura Prayer Network slik at dei lukkast i å etablera bønegrupper for vekking og nytt liv over heile staten. Amen!
Hiduane tilber gjerne udinna Tripura Sundari. Denne gudinna tilfører tilbedarane "shakti", guddommeleg kvinneleg energi |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar